laurdag 8. mars 2008

8. mars II

Bente Rise snakka om likelønn. Ho tok ikkje stillig i spørsmålet om ferdekvoten.

Eg har tenkt mykje på dette spørsmålet, og har vore glad for at Jens vil tenke seg om. Og så har eg gått i meg sjølv. Kvifor er eg mot at far ta sin tørn?

Mange par deler nok på arbeid i heimen heilt til borna kjem. Eg hugsar at svigermora mi sa til Øystein då eg var gravid, at no måtte han vaske golv. Det var ein god tanke. Eg var kjempetrøtt i tillegg til at det etter kvart vart vanskeleg å sove om natta.

(Tre år seinare vaska eg ned kjøkenet og stova 10 dagar på overtid. Då forstod eg uttrykket "å gå på veggene".)

Så vert barnet fødd, og du skal amme både dag og natt. Kva er likestilling då? Har du ein, to, tre andre barn og ta deg av i tillegg medan far er på jobb, så ligg du ikkje akkurat på latsida.

Når barnet er vorte større, og mor begynner å ta seg inn att. Skal far då overta? Eg har vore der også. Eg amma to gongar om natta og gjekk på jobb. Då var eg klassestyrar i barneskulen. Det er over 14 år sidan, og skulestyret ville nesten ikkje godta min rett til arbeid.

Eg var av dei kjempeheldige som fekk barnehageplass til ein 2-åring! (2 1/2).

Men no er eg på gli. Eg har kome til at eg kan risikere å bli bakstreversk. Eg har ikkje skifta syn på far sin rett til eiga opptening. Det har eg alltid meint. Har far jobb, så bør han tene opp poeng sjølv. Hans rettar bør ikkje gå på mora sine prosentar.

Eg har også alltid meint at far gjerne må vere heime om det er det paret ønskjer. Min eigen far var kanskje ein av landets første heimeverande fedre. Mange mødre har nok jobbar dei ikkje vil vere lenge borte frå. Men skal dei ressurssterke bestemme over andre som har jobbar dei ikkje er så glade i?

Viss eg ville jobbe då ungane var under 3 år, måtte eg skaffe dagmamma. Det var ikkje alltid like enkelt No har mødre ei reelt val. Her er no full barnehagedekning. Barnehagane har fått småbarnsplassar. Då Einar var liten, fantest ikkje det. Han misste barnehageplassen sin etter eit år då han var 4. Eg måtte ha dagmamma til han fram til det vart ei opning etter haustferien.

Når eg seier at eg er på gli, er det fordi eg innser at for kvar generasjon må det bli meir likestilling. Kanskje det er eit gode for far og barn at dei får tid saman? Kanskje det må lovfestast for at arbeidsgjevar må godta at far skal ha permisjon?

Og så får eg seie til mine søner, at når de er heime, må mor få nattero. Ho må få same sørvis som de får når ho er heime, minst. For det tek si tid å bli "sterk" etter fødsel og amming!

3 kommentarer:

Besta sa...

Dette vart mykje på ein gong. Eg var heimeverande då de var små, med unntak av det første året då far var heime. Men eg LIKTE det og eg hadde det ikkje travelt. Aldri har eg lese så mange bøker som dei åra.Men tidene endrar seg,og kvar må finne sine løysingar. Det viktigaste er at ein kan velje litt innafor rammene.

solveig sa...

Det vart eit sammansurium, slik det vert når ein tenkjer. Kvar generasjon må finne sine måtar, og kvart par. Så får ein støtte vala til barn og svigerbarn.

arieldog sa...

Eg lurer av og til på kva likestilling eigentleg skal vere. Fødselspermisjon er sjølvsagt mest til for barnet, men mor kan òg ha behov for å ta seg inn att. Logikken er vel den same som med sjukmelding? Amming er òg eit poeng. Pappa-permisjonen kan fungere som ein lettare overgang for mor som skal begynne på jobb att, men mange har tatt ut ferie i den perioden. Slik ordninga er no, kan kvar familie velje sjølv, og den tilliten synest eg dei bør få. Lars tok ut store delar av permisjonen for Erlend fordi eg heller ville begynne på jobb i august enn i november, elles har eg teke ut maksimalt sjølv og følt at det var min rett som raudstrømpe.