laurdag 8. mars 2008

8. mars

I dag stod eg opp halv ni for å skysse høddspelaren på Høddvoll. Sidan eg først var i Vik, tok eg meg ein tur på Lidl og handla frukt og grønt.

Så var det bilkjøparen som skulle til Ørsta. Bussen gjekk frå Hareid 10.30 med avgang frå Ulsteinvik 12.05. Hallo? Kven er rutene laga for? Mora skyssa han utover til 12.

Her har vore eit nydeleg ver i dag. Vel heime fekk eg lyst å gå meg ein tur på biblioteket. Olaug var med, for ho skulle kjøpe bursdagsgåver til to klassevenninner som feira i lag i dag. Eg stakk også innom Angelsen og kjøpte 3 krysantemer.

Skal du på 8. mars arrangement? Tekstmeldinga hadde rulla inn utan at eg merka det. Eg som skulle hente høddspelaren.

Eg kan ikkje bruke 8. mars til å skjemme bort gutane! Då eg hadde tatt avgjerda, sende eg eit par meldingar og tok eit par telefonar. Bileigaren kunne hente broren.

Eg kan ikkje utlevere venninnene mine på nettet. Ikkje vil eg kalle dei med yrke heller, det verkar snobbete. Så dei får kvar sin bokstav.


M køyrde, og vi plukka opp K og G. Det er vi som går tur om tysdagane saman også. Det er kjekt å gå fleire saman. Det var SV som arrangerte. Gro Lothe fekk kvinneprisen for sitt engasjement for menneskerettar i Amnesty. Bente Rise heldt tale om likelønn og Marie Lovise Widnes apell. Det varte i 3 timar (15-18).

Karane kom heim omtrent samtidig. No hadde dei kle som skulle vaskast, og kan vi ikkje berre ta heimelaga pizza til kveldsmat.

Når eg køyrer bil får eg tid til å tenke over ting. Desse karane våre må oppsedast for framtida! Så får dei berre sukke og stønne når mora viser dei knappane på vaskemaskina for ørtande gong. Dei er ikkje så tungneme når det gjeld andre maskiner.

p.s.

Dei fekk wienerpølser med stappe eller lomper.

Ingen kommentarer: