søndag 9. mars 2008

Fruktkompott

Når eg ein sjeldan gong skal lage fruktkompott, tek eg fram denne boka. Det er ei bok med skikkeleg norsk tradisjonsmat frå vår barndom. Typiske 70-talsrattar som terteskjell med fiskepudding og kabaret. Elles er der eige kapittel om safting og sylting.

Grunnen til at eg brukar denne oppskrifta på kompott, er at den er lite utspedd. Eg ser ingen grunn til å spe ut med mykje sukker og vatn.
5 dl vatn
4 ms sukker
1 pk svisker/aprikosar/fruktblanding
1 1/2 ms potetmjøl
1/2 dl vatn
1. Kok opp vatn og sukker.
2. Ha i frukt og kok til frukta er mør.
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn. Ta panna til side og ha jamninga i.
4. Gje kompotten eit raskt oppkok.
5. Ha kompotten i ei skål og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.
Barmen vil servere vaniljesaus til. Eg set fram mjølk og fløyte, slik at ein kan blande sjølv.
Kommentar: Etter mi meining kan ein kutte enno litt meir inn på sukkeret (2 1/2 ms?) og kanskje 1/2 dl meir vatn. Eg brukar alltid måleskeier, slik at 1 ms er 15 ml.


4 kommentarer:

Besta sa...

Fruktkompott er ein god gammaldags dessert som kunne trenge ein renessanse.Det går an å ha andre dessertar enn is. Men eg hugsar frå skulekjøkkenet at elevane omtrent fekk noia viss dei såg ei sviske!

solveig sa...

Vi hadde eplegraut på skulekjøkenet for nokre år sidan. Då laga vi berre to av "borda". Komande veke skal vi lage to skåler med appelsinris. Det er vel ein dessert som sjeldan kjem ut av skulekjøkenet. Eigentleg greit å lage av risrestar og fløyterestar. Her i huset går det meste ned på høgkant. Den som "ikkje" likar, får ta seg ei frukt.

arieldog sa...

Appelsinris er ein av mine favorittar. Passeleg frikst. Elles er vi glade i varme bær og is/vaniljesaus.

solveig sa...

Det er enkelt og godt. Hugsar vi fekk nydelege blåbær m.a. hos dykk ei jul. Eg har begynt å kjøpe bær med godt samvitt. Torsdag rørte eg 4 kg jordbær som eg kjøpte på Meny. Då ville Håkon hatt bringebær. Det får bli neste veke!