tysdag 31. mars 2009

Gratulerer "LilleMø"!

I dag fyller eldste søskenbarnet mitt på Eid 44 år. I det høvet har eg funne fram eit bilde frå 14. juli 1977 der alle seks søskenbarna er samla. Det var ikkje noko lett sak å samle alle. Det var alltid ein eller fleire det ikkje passa for å stille til fotografering. Eg synest å hugse nokre runder før alle sat i sofaen.

Under bildet i albumet står det at dette var før "Huset på prærien", vekas høgdepunkt på den tida. Kusinene mine brukte å sitte med kvar si pute klar. Eg var 2-3 år eldre og for stor til det. Eg ønskjer deg ein fin fødselsdag!

8 kommentarer:

Anlen sa...

Herlige gardiner! På hytta til svigers har vi likeeins, i grønt. Det er ikkje veldig vakkert... Men litt kult er det alltids:)

solveig sa...

Ei tid var......

Besta sa...

De ser noko beklemte ut alle seks, men sat vel trongt. Det første som slo meg er at Margrete liknar på Eirik eller omvendt.
Dokke var no ein fin gjeng!Og så jamnaldra! Alle fødde på 1960-talet.

Hildegard sa...

Koseleg bilde. Gardinene ligg lagra på loftet, kanskje det blir gjenbruk?
Eidabesta

solveig sa...

Eg ser at 70/80-talskjolar er på veg inn i butikkane, ikkje til meg. Det må bli nye generasjonar. Eg er ferdig med brunt, grønt og oransje i kombinasjon. Eg har sett rom på oppussingsprogram i den stilen.
Her var det mykje rosa i begynnelsen. Det er eg og ferdig med. Vi får gjere som Besta. Ha det fargenøytralt og slå til med puter og dukar?

Men det er artig å mimre litt tilbake til NRK-alderen.

Besta sa...

Høyrde at 80-talsfrisyrane var på veg tilbake. Men korleis såg no dei ut?

solveig sa...

Mykje permanent! Det har eg inntrykk av er heilt ute?

LilleMø sa...

Takk for helsinga:-) Men akk desse bilda....