måndag 9. mars 2009

Bok 13: Vakkert om vennskap


Boka handlar om vennskapet mellom ei ung og ei gammal kvinne. Dei begynner å fortelje kvarandre historier om seg sjølve. Begge har opplevingar dei ikkje har snakka om, og begge opplever det frigjerande å sette ord på hendingane. Den unge treng det for å begynne på livet att. Den gamle treng det for å kunne avslutte livet.

Det er to spennande liv vi får høyre om. Les gjerne meir her - og les boka!

P.s.
No gler eg meg til å lese bok 14. Sjå til høgre.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei! Denne gongen hekla eg saman rutene mine, og det gjekk veldig fort og greit. Eg hekla med fastmasker. Det var ikkje så vanskeleg å få det fint pga. at garnet var så tynt og fargen mørk. La lappane rette mot rette og hekla på vranga. Veit ikkje om eg kunne ha gjort det på akkurat samme måten med eit anna arbeid. Eg har alltid sydd saman før. Vel lykke til med å gjere ferdig ditt lappeteppe. Eg kan hugse at du viste fram nokre hekla lappar på bloggen din for ei god stund sidan.

solveig sa...

Skuldra mi streika, så eg måtte legge det frå meg av den grunn også.
Takk for tips! Eg likar mykje betre å hekle enn å sy!

Besta sa...

Denne boka fekk eg lyst å lese! Fann ikkje så mykje nytt sist eg var på biblio, men kom heim att med to krim. Den eine fann eg straks ut at eg hadde lese før(Nobels testamente)og den andre har eg også ei sterk kjensle av å ha lese (Tyvene av Knut Faldbakken). Med min hukommelse(les:mangel på)er det ikkje så farlig om
eg les den ein gong til.
Om dagen les eg på data for walkman-en streikar meir og meir.

solveig sa...

Vi må trffast snart, så du får MP3-en din. Studenten skal innover i morgon.