fredag 20. mars 2009

Evig aktuell?

Måndag starta vi med Ibsen. Eg fortalde om livet og diktinga hans. Vidare gjekk vi inn på "Et dukkehjem" og las så langt vi kom i 1. akt. Elevane skal kunne å skrive sjangeren drama med scenetilvisingar og det heile. Eg valde å gå gjennom personane og hovudkonflikten på førehand.

I dag var tida inne for å sjå teaterstykket, d.v.s fjernsynsteater med Lise Fjelstad som Nora.

Eg hugsar godt då vi såg stykket i Starevegen. Eg hugsar og mamma si meining om stykket. Det må ha vore i svart/kvitt TV-en si tid, og eg må ha forstått stykket sånn omtrent.

Som lærar er ein alltid spent på kva som fenger. På spørsmålet: "Skal vi sjå film?", har eg svart: "Nei, vi skal sjå filma teater." Eg har ikkje akkurat skrudd opp forventningane til at dette skulle bli gøy. Men stykket fenger faktisk! Det same skjedde i den andre klassa som såg det tidlegare på dag. Dei tek Nora på kornet for å seie det sånn.

Sjølv har eg lese eller sett alle Ibsen sine borgarlege samtidsdrama. "Fruen fra havet" er kanskje favoritten.

7 kommentarer:

Besta sa...

Du hugsar meininga mi om stykket? Det gjer eg ikkje sjølv.Feilen med Ibsen er etter mi meining at dei ikkje har "modernisert" han litt meir.Utan å øydelegge vel å merke. Fjernsynsteateret sine oppsettingar var noko stive i forma. Fruen fra havet hugsar eg, den var meir som film!
Elles er Vildanden det verste eg veit...eg påstod overfor medstudentane mine at det kunne lesast som komedie-dei fekk sjokk over min uforstand. Seinare fekk eg sjå den same påstanden i ei eller anna fagbok.

solveig sa...

Du synest Lise Fjelstad spelte godt som lerkefugl, men vart dårlegare på slutten.
Fjernsynsteaterstykka har den fordelen at dei er rette etter boka. Eg ville gjerne sett andre oppsetningar etterpå.

arieldog sa...

Lise Fjeldstad er fantastisk som Nora! I følgje fagbøkene har det alltid vore problematisk å finne ei kvinne som kan passe godt som Nora både før og etter den store oppvåkinga, men Fjeldstad er bra! Bortsett frå den langdryge dansescena, som blir traudigare for kvar gong. Eg plar sjå dette stykket kvart år, og eg finn stadig nye ting å vere oppteken av. Det geniale er at ein kan lese det på så uendeleg mange nivå og relatere det til dagsaktuelle, globale spørsmål om kvinnerolla. I år såg vi Rosmersholm fordi elevane hadde sett "Et Dukkehjem" før. Ibsen er heilt topp, og han blir ofte modernisert i teateret.

Anlen sa...

Ibsen er nok ganske evig, men eg er litt fornøgd med dei som lagar nyare vriar! Det må vere spennande å sjå fleire oppsetningar av same stykke og samanlikne dei!

arieldog sa...

Somme år har eg vist ein amerikansk film basert på same stykket - ikkje den med Jane Fonda, men ein annan. Fonda-filmen er interessant, forresten. Eg likar godt "Hedda Gabler", og det gjekk på teater i Ørsta i ei svært moderne utgåve for eit par år sidan. Eg likar godt modernisering, men vil gjerne ha originalmanuskriptet i botnen.

Besta sa...

Eg har stort sett berre sett dei gamle fjernsynsversjonane i svart/kvitt.Så eg skulle i grunnen ikkje uttale meg. Har lese dei fleste dramaa (?)-men det er lenge sidan.
Har sett Dukkehjemmet med Jane Fonda, det var då eg forstod kva det eigentleg handla om.

Olaug sa...

Det er med teater som med strikking og baking. Først må ein kunne det grunnleggjande, og så er det tid for eksperimentering.
s