laurdag 14. mars 2009

Vedkomfyr

Dei som har følgd bloggen min, veit at eg har hatt ei interesse for vedkomfyrar. Interessa er heilt historisk. Eg har ingen planar om å skaffe meg ein. Det starta med at eg las i Vossamat at folk fekk seg vedkomfyr etter 1900. Det synest eg var seint. Men den vart nok populær frå 1870 og utover. Før det hadde dei berre kokeplater og kanskje steinomnar på større gardar og i bakeri?

No kom eg over ei side på internett der dei driv med restaurering av slike omnar. Ein finn t.d onmar med ein tank for varmt vatn. Det var vel dei første varmtvasstankane.
p.s
No prøver eg å samle alle komfyrane eg har skrive om under etiketten komfyrar.

3 kommentarer:

Besta sa...

Neste gong du er her, får du ta deg ein tur på Felleskjøpet, der har dei komfyrar som liknar på desse gamle.Studerte dei ikkje så nøye, så eg veit ikkje kva slags drivstoff dei gjekk på.Sist eg brukte vedkomfyr, var på Øygarden i 1959/-60, året før eg begynte på lærarskulen.

solveig sa...

Det er artig å sjå. Dei er fine, men høyrer til der dei har stått, på gamle gardar.
I Amerika har dei funne på noko nytt igjen. Dei steiker kalkun på 45 minutt i dei nyaste omnane.

Eva sa...

Eg er innom å surfer rundt på blogger..flott blogg du her!Ha en fine søndag.