onsdag 4. mars 2009

Klippekrans til kaffien

Dette er det siste produktet elevane får ha med seg heim. I år er påska så sein at eg tok ikkje sjansen på å vente til etter firevekesprosjektet "Brød og tallerken".

Deig:
1/2 pk gjær (fersk raud er best)
2 dl mjølk, lunken
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:
2 ms flytande margarin
2 ms sukker
1 ts kanel

I oppskrifta foreslår dei 1 rive eple. Sjølv ville eg gjerne hatt rosiner i.

Framgangsmåten er som vanleg gjærdeig.

10 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Å, så herleg denne ser ut! Sikkert populært å ta med heim!

solveig sa...

Dei går unna som varmt hvetebrød, ja.

arieldog sa...

Sikkert mulig med nøttemasse også... Nam...

Besta sa...

Kaffimat er eit framandord her i huset. Men om det var lov, ville eg valt fersk gjærbakst. Ingenting slår det! Veninna mi R, lagar verdens beste klippekrans, trur eg. Har ikkje smakt din.I gamle dagar brukte eg å lage ei gjærkringle med mandelmasse. Den var populær, hugsar eg.

Anlen sa...

No fekk eg lyst til å bake igjen:) Det skjer ganske ofte når eg er innom her, eg kan ikkje forstå kvifor....

arieldog sa...

Same her. Det blir sånn Pavloveffekt - blir svolten av å logge inn på bloggen...

solveig sa...

Vi får utfordre Besta til å legge ut oppskrifta på si gjerkringle! Den er verdens beste. Eg hugsar godt ein gong kollegaene hennar samla familiane på Ose. Då hadde ho laga den kringla.
P.s.
Det hadde vore fint med eit bilde også........

Besta sa...

Oppskrifta kan de få, bilde blir det verre med.I motsetning til Solveig, kan eg ikkje fordra å bake!Somme tider fell epla veldig langt frå stammen.

solveig sa...

Ja, ja, då får vi stå for bilde sjølv.....

sal sa...