
Ein treng ikkje akkurat ferie for å ta opp dei potetene som vert dyrka her i hagen. Det er nok med ei lita friøkt. Men så smakar det godt med det som kjem rett frå hagen! Viss de synest det er få poteter i panna, skuldast det at eldstemann flytta til Førde i dag tidleg. Så no går vi ned i standar norsk familiestorleik (?) på fire.

Etter ein liten feittlekkasje frå ei form i steikeomnen, ville eg prøve eit nytt produkt i dag. Eg synest den vanlege Mr Muscle- omnsrensen luktar vondt. Resultatet med denne nye? Tja, litt feitt gjekk vekk etter ein time. Feittflaka gjekk og vekk, med skrape. Dette produktet kan de la stå att i butikken.

Fasit: Den store skvåsjen måtte på badvekta! 5,3 kg.
Dessverre, må eg nesten seie, oppdaga eg fleire vekkgøymde kjempeskvåsjar då eg rydda åkeren i dag. men ingen større enn denne.
4 kommentarer:
Dessverre var ikkje den siste tippinga mi komen inn på bloggen din. Trur den var på 5,3 eller deromkring, så no får eg vel ikkje premie? Eller ære?
;-))
Eg er veldig glad i squash eller skvåsj (likar ikkje å i fornorska ord..), kan du lære meg å dyrke slike?
Eg får starte på at med svåsjnytt til våren! Eg bruker å så dei inne rundt 1. mai.... Fornorskingå gjer eg halvveigs på fill....
Legg inn en kommentar