
Inspirert av
Wenche sette eg i gang å koke kjøt tidleg på dag. Etter å ha prøvd ulike piratmerke før i veka, satsa eg på midt-norsk, ferskt lam frå Gilde. Der er det og stor kvalitetsskilnad.

I staden for å koke grønsakene saman med kjøtet som allereie var blitt møyrt, tok eg av kraft og kokte grønsakene i den.

No vart det ikkje urtesaus her, berre vanleg frikassésaus basert på smør og mjøl. Eg brukte først kraft frå kjøtet, og til slutt kjøt/grønsakskrafta. Først etter eg var mett, tenkte eg at eg kunne følgt rådet til Wenche om å ha i litt sitronsaft. Eg kokar også potetene i ei panne for seg.
3 kommentarer:
Nam!
Litt sitronsaft eller lys eddik i sausen er godt, ja.
Lammefrikassé er kjempegodt. Noko anna som eg laga oftare før er nesten enda betre, nemleg "Ferskt kjøtt og suppe"-der brukte vi sur/søt løksaus til kjøttet og suppe av kjøttkraft og grønnsaker til.Ja, noko grønsaker til kjøttet også,då. Til noko heilt anna:Kan du legge ut oppskrift på smuldrepai?
Legg inn en kommentar