laurdag 31. mai 2008

Fra asken til ilden?


Eine bokhandelen i Ulsteinvik hadde avertert Tina si bok på sal. Det er ei bok med bilde og forteljingar i tillegg til oppskrifter. Sikkert verd sine 89 kr. Eg gler meg til å lese henne.

Elles låg der ein heil stabel med Ari Behn si Entusiasme og raseri til 29 kr. Eg har lese to bøker av han før Trist som f... vart eg positivt overraska over. Det har noko med forventningane å gjere. Bakgård var derimot ei av dei eg las ferdig.

Aktiv helg

I går starta oppkøyringa til helga med guttekamp. Dei tapte 4-6 mot Aksla.

I dag køyrde eg keeperen på Høddtrening kl 10, og nytta høvet til å shoppe (!!!) litt på kjøpesentra. At det var Ulsteindagar, hadde eg gløymt. Eg oppsøker ikkje laurdagstrafikk vanlegvis. Men så tidleg på dag, var der liten trafikk og heller få kundar i butikkane. Eg kom heim med 6 handlenett i tillegg til Menynettet (handling), altså ein vellykka tur.

Dimnaleikane starta 14, med oppmøte ein halv time før. Eg vart med Olaug dit medan Øystein for til byen med guttelaget som spelar mor Aafk 2.

Håkon fekk ei lårhøne i går, og var ikkje i form til å spele kamp i dag, så han fekk fare på den årlege speidarovernattinga på Nessetelva.

I morgon spørs det altså kven som er i form til å vere med på Dimnaleikane. Det kan hende Olaug har vridd foten sin litt i fallet. Og foten til Håkon?

Gudsteneste med innskriving av konfirmantar, er heller ikkje så lett å kombinere med oppmøte halv tolv.

fredag 30. mai 2008

Ikkje etter min smak



Eg har lese og anbefalt mange bøker på bloggen min. Blogglesarane begynner kanskje å tru at eg likar alt? Eg er eigentleg "altetande" når det gjeld litteratur. Som mi venninne G, legg eg så og seie aldri frå meg ei bok. Har eg begynt på ei bok, les eg henne ferdig!

Denne boka kan eg styre mi begeistring for. Det er eit samansurium av oppvekstroman og krimroman. Du lurer på om forfattaren har innsikt i dei miljøa han skildrar. Her er klisjé på klisjé. Slutten hadde eg gissa meg fram til i byrjinga av boka.

Mangfald

Geraniar er lette å ta stiklingar av. Her er ei blanding av "mødre" og "barn".

torsdag 29. mai 2008

Takk


I bloggverda er det noko som heiter awardar. Dette er den andre eg har fått av strikkemor(o). Eg vil berre takke, og takke ein gong til. Det var ho som inspirerte meg til å begynne å blogge! Dei bloggane eg brukar å lese, finn de til høgre!

Til lykke og lykke til!



Denne (litt lange) videoen er til dei som skal feire dagane i helga! Ta dykk tid til å sjå heile! Det beste kjem til slutt!

Gratulerer Amanda


Vi gratulerer Amanda med 8-årsdagen i dag!

onsdag 28. mai 2008

Under i vinduskarmen

For nokre år sidan fekk ei "svigermors tunge" av mi venninne M. Den har formeira seg og blitt til fleire plantar, men aldri blomstra før!

tysdag 27. mai 2008

Forfattaren

I går kom Øystein heim etter eit firedagarsopphald på hytta ved Molde. Der har han jobba intensivt med krigsdokumentaren. Bildet er frå mandag. I Molde hadde dei hatt 80-årsfeiring dagen før.

måndag 26. mai 2008

Ekstrasørvis



Som ein ekstrasørvis legg eg ut bilde av fleire gjester,
og lommetørkleet.
I følgje VG hadde
- bruda fin kjole
- dronninga feil fasong til hennar alder
(oj, det er framleis snakk om kjolar her)
- Mette Marit var for bleik til ein for lys rosa kjole
- Mãrta hadde feil farge på sin, og for rotete assesoirar (?)
- Victoria var flott
Som vanleg gjekk karane klar.

Sonja var ikkje invitert. Det var eit ungdomsbryllaup!

søndag 25. mai 2008

Kongeleg byllaup



For dei som ikkje fekk med seg gårsdagens bryllaup, så legg eg ut ein forkorta og klipt (lommetørkleet får de ikkje sjå) versjon.
Enjoy!

Flott TV-kveld for dei over 40 (sitat..)

Det starta med kongeleg bryllaup, eller eigentleg ikkje. Det starta med at Olaug vart liggande på sofaen medan mora hadde mest lyst til å vere ute i hagen eller på altanen. TV-kvelden begynte derfor tidleg med kongeleg bryllaup. Dei som kjenner meg, veit at eg er over middels interessert i kongehusa. Det var nok mormor, Allers og Ukebladet som påverka meg i gamle dagar. Mormor forklarte meg kven som var i slekt med kven.

Dei nye flammane til Joachim har eg brydd meg lite om. Men er det bryllaup, er det bryllaup. Det var mange kjensler i sving. Vi såg med ein gong han hadde kome inn at han var blank i augene. Berre vent, når brura kjem inn, begynner han å grine, seier eg til Olaug. Og slik gjekk det. Ikkje nok med det, men faren til brura måtte ta fram lommetørkleet også. Vesleprinsen sov seg gjennom det heile når han først fekk sette seg ned.

Olaug kvikna litt til, sjølv om ho er forkjøla og neste stemmelaus. Så ho fekk sjå Grand Prix låtane. Vi får vel berre seie oss nøgde med ein 5. plass.

Som "sjukekost" steikte eg pannekaker til dessert. Olaug hadde lyst på det. På skulekjøkenet har vi hatt pannekaker med fruktsalat og (heimelaga) vaniljeis denne veka. Det er sjølvsagt populært. Til hausten trur eg eg skal lage til eit ark med praktiske øvingsoppgåver i matlaging. I tillegg til m.a. potetskrelling, kan elevane godt øve seg på å steike pannekaker. Før var det ei oppgåve i barneskulen. No synest dei det er vanskeleg i ungdomsskulen. Kva skal plata stå på? Eg bruker å seie at det er på middels varme, men dei må passe på. Passeleg varme er når pannekakene har fin farge når dei ha stivna. Då kan ein snu dei. I Dagbladet stod det om ei 9-barnsmor som brukte 2 1/2 time på å steike pannekaker. Det synest eg var svært lite effektivt. Eg steiker dei tynne på relativt høg varme. Då tek det ikkje ein halv time her. Vi skiftar som regel på å steike. Eg hadde i alle fall tatt fram ei steikepanne til............

laurdag 24. mai 2008

Nærbilde av blomstrar

Når ein tek nærbilde av blomstrane, ser ein detaljar som gjer dei til små kunstverk.
Pionane har ikkje sprotte ut enno. Eg har fleire sortar. Denne kjøpte eg for tre år sidan. I år ser det ut til at den skal bli både høg og flott. Og den er nok den tidlegaste sorten eg har. Dei rosa brukar å kome i månadsskifte juni/juli.
Jonsokkollen er liten og smålåten. Men på nærbilde ser vi at den har mange små blomster.

Fiolar

Desse fiolane hadde eg mange av. Plutseleg trudde eg alle var utdøydde. Men no har det dukka opp nokre få.
Dette er ein einsleg stemorfiol som har overlevd vinteren.

Rhododendron


Eg har to variantar av det også. Begge har eg fått av systra mi. Eg meiner dei blomstrar tidleg i år.

Ballblom


To typar ballblom blomstrar i hagen no. Dei vert også kalla eggeplomme. Den øvste må då vere vinter og den nedste sommar. Eg kjøper egg rett frå gard, og no er plommene oransje og smakar heilt fantastisk. Dette skjer kvart år når hønene slepper ut ög et gras.

fredag 23. mai 2008

Pølse med laks?

Ein av dei unge assistentane på skulen hadde bite på reklamen for den nye pølsa. Den som er laga av laks. Eit par av oss andre var meir skeptiske. Det vert liksom feil.

Dagen etterpå ville vi vite om pølsene var gode? Ho hadde ikkje likt dei, men meinte ein kunne gje dei til born som ikkje hadde smakt pøsler før, men då kunne ein like godt gje dei laksefilet, meinte ho. Og vi var samde.

I dag har det vore typisk altanver. Inspirert av diskusjonen på jobb, kjøpte eg ein pakke med med fire laksestykke i, som vi pakka inn i alumimiumsfolie og krydra med (Cemo-gourmet)fiskekrydder og sitronskiver. Servert med nypoteter og tomat/agurk og rømme, konkurrerer dette ut alle typar pølser, spør du meg.

p.s
I elva nedanfor garden var der mykje laks i gamle dagar. Norvald fortalde at der var folk som hadde i vilkåra for kår at dei ikkje skulle ha laks meir enn tre dagar i veka!

Mat i eldre tider var temaet for dagen.



I det eldste huset var eg ikkje om meg og tok bilde. Der viste dei ein peis med skorstein. Det var nok eit framsteg når det galdt lufta i rommet. Men det vart varmt kun kring eldstaden. Vi ser for oss røyklagde, kalde rom. Ved brukte dei lite av. Det var som hard valuta. Dei selde mest muleg. Dette er ein vedomn med kokeskåp.
Her er vedkomfyren på kjøkenet. Den står ved sidan av Grepakomfyren. Det var knappheit på straum, så dei heiv han ikkje ut når dei fekk ny komfyr. Den fungerte nok også godt til oppvarming av kjøkenet. Det var kanskje der dei oppheldt seg mest?
I Ørsta var dei tidleg ute med å få seg elektriske komfyrar. Grepa selde dessutan komfyrar billeg til ørstingar, slik at det skulle bli stor etterspørsel etter straum og stort behov for rask utbygging. På den måten fekk dei raskare den straumen dei hadde behov for sjølve.


Eg synest det var interessant å få høyre om kva dei åt frå jernalderen og framover. Men det er denne nyare historia, frå ca 1800, som interesserer meg mest. Og eg kunne tenkt meg å vite meir om komfyrfabrikken i Ørsta!



Vi er rike i Norge i dag. Vi slepp å svelte og fryse. Dette er vi lite takknemlege for i kvardagen.. Vi tek det som ei selvfølge. Vi har alltid hatt det sånn. Men Norvald fortalde at det er eldre folk som nekatar å gå inn i det raude huset der det budde folk til 1963. Dei orkar ikkje å sjå elendigheita, seier dei.

torsdag 22. mai 2008

Museumstur

I dag har eg vore på museum i Ørsta saman med mat og helse-lærarar frå Sunnmøre.
Pappa sin arbeidskamerat Norvald guida oss rundt. I tillegg til å vere kunnskapsrik, spedde han på med små historier slik som er in i tida. Eg må berre innrømme at eg er mykje meir interessert i historie enn for 20 år sidan.

I morgon kjem eg attende til litt komfyrhistorie.

søndag 18. mai 2008

Boka eg kosar meg med no


Denne boka hadde eg svært lave forventningar til. Utvalet på biblioteket var dårleg, og eg treiv med meg denne i tilfelle eg skulle gå tomt for lesestoff.
---
Utgangspunket for boka er ein gammal (53 år) professor som forelskar seg i ein ung (27-28 år rett nok) student. Med andre ord ein klisjé? Og bilde av Petter Dass på framsida, tja, kva skal ein seie?
---
No er eg midt i boka og ho er både "spennande" og ikkje minst underhaldande! Ei positiv overrasking med andre ord!

Fotballsøndag

Her er guttelaget som Øystein trenar.

I dag spelte dei mot Stranda. Trenar, foreldre og spelarar frå Stranda oppførte seg pent så lenge dei leia. Då stillinga var 1-4, fekk Hareid fart på seg og tok att Stranda mål for mål. Sluttresultatet vart 4-4.

Eg skriv ikkje fotballreferat, men som mor legg eg merke til at der er gode vinnarar og dårlege vinnarar, gode taparar og dårlege taparar. For gjengen frå Stranda var nok uavgjort eit stort tap, etter oppførselen å dømme.

laurdag 17. mai 2008

Hipp Hurra!


Det har vore kaldt med vind, sol og så vidt litt regn. I år manglar vi bilde frå toget, men eg har sendt ein e-post og tigga frå ein av foreldra i klassa til Olaug.
---
Tida på klubbhuset flaug. Vi selde mat til ein endelaus kø. Hadde det vore varmare, så hadde kanskje salet vore dårlegare. Eller er det slik at folk følgjer tradisjonane? Øystein og Olaug åt på bedehuset, slik vi bruker.
---
Ein annan tradisjon er at ein skal ete så mykje is ein orkar. Vi hamstra litt på Coop i går. I min barndom meiner eg at 17. mai var første dagen ein fekk kjøpe is. Det fantest verken is-bilar eller boksar med is. Eg hugsar dei første liter-isane som var innepakka i papp. Margrete og eg delte tress-isen på midten. Ho fekk den rosa delen og eg den brune. Blogglesarane får hjelpe meg med denne tidfestinga.

fredag 16. mai 2008

Fobiar

Eit sikkert vårteikn på skulekjøkenet er edderkoppen. Og du høyrer det før du ser han. Eg har aldri "forstått problemet". Men eg har erfart at det ikkje er nok å kaste han ut vinduet. Æææ!! Den kjøme innigjen! Så i år kasta eg edderkoppen i vasken og skylde han ned. For eit par år sidan måtte eg sette i proppen før hylinga gav seg.

Nei, eg forstår gutane som ber edderkoppane i eit bein medan jentene hyler og ber seg. Kjempeunderhaldning for fjortisar. Samtidig ser eg skrekken i augene til enkelte jenter. Olaug har ikkje lært dette av meg, for å seie det sånn.



Men eg har ein fobi som eg kanskje ikkje deler med så mange: strømpebuksefobi. Eg får heilt klaustrofobi når eg må ha på meg strømpebukse. Då eg gjekk på gymnas visste ikkje mamma kva slags behagelege strømpebukser ho skulle kjøpe til meg. Lykka var det året eg fann ei fora ,
varm bukse.

Når ein har bunad, er det ikkje noko problem å gå med halvstrømper, men det er ikkje fint til halvside skjørt. Onsdag då vi var på Kinarestaurant (Ja, det har vi på Hareid), hadde fleire av oss bukser. Eg sa at eg skulle ønske det fantest gamaldagse strømper, men då må ein vel på spesielle butikkar. Nei, det har dei på Cubus, fekk eg vite. Og jammen stemte det.

I morgon skal eg jobbe i matutsal, og kjem til å ha på meg kjole og "silicone backed" strømper.

God 17-mai!

Til dagens geburtsdagsbarn!

EIVIND 6 ÅR

VI VIL GRATULERE EIVIND MED 6-ÅRSDAGEN!

torsdag 15. mai 2008

Hageavfall

På Hareid er vi så heldige at vi har ein hageavfallsplass der ein kan levere alt nedbrytbart hageavfall.
Dessverre er det ikkje alle som forstår kva som vert nedbrote, og ein finn mellom anna mange plastsekkar med plengras. I dag låg der ei grønsåpeflaske og ein gammal sykkel.
Eg går ofte forbi hageavfallsplassen på veg heim frå skulen. I haust låg der ofte plantar det var freistande å plukke med seg ein avleggar av. Denne blomstrar no.

I fjor var eg så uheldig å knuse ein plastampel i hauststormane. Eit par dagar etter fann eg ein heil på hageavfallsplassen. Kanskje eg skal plante ein av hengeplantane eg tok avleggar av i den i år!

Hareid-Gurskøy 2-1

Endeleg vann dei! Og sigeren var absolutt fortent. Men det var ein iskald førnøyelse. No ligg Olaug i badekaret og tiner opp.

tysdag 13. mai 2008

God bok

Forrige tysdag lurte turvenninnene på kva eg no hadde på øyret. Ei av dei hadde lagt frå seg Boktyven. Det vart for mange namn, og ho fekk nok etter 50 sider. Mi venninne G, legg av prinsipp ikkje frå seg ei bok, men denne hadde ho ikkje lese.

Dermed las eg vidare med låge forventningar. Men eg likte boka. Dette er forteljarkunst på høgt nivå. Handlinga er lagt til Nazi-Tyskland, og hovudpersonen er ei ni år gamal jente som kjem i fosterheim.

Eg anbefaler boka!

måndag 12. mai 2008

Ørstastafett

I dag har eg køyrt friidrettsutøvarar til Ørstastafetten. Hareid stilte med to jamngode lag både i jente- og gute-klassa, noko som gav to sølv- og to bronsemedaljar.
Sølvlaget. Ei av jentene hadde reist heim før premieutdelinga.

laurdag 10. mai 2008

God pinse!

Før helga ønskte eg elevane mine lykke til med konfirmasjonen til helga, og la til at eg håpa dei ville få like fint ver som forrige helg. Den eine som konfirmerte seg humanistisk, som det no heiter, i dag, har i alle fall hatt nydeleg ver. Det har kanskje til og med vore for varmt til å gå i bunad, men det bør kunne gå an å ha med seg skift!

Av dei som ikkje konfirmerer seg, er det flest hinduar (tamilar), men vi har og muslimar og ein buddhist på 9. trinn. Eg brukar å spørre dei om dei synest det vert mykje styr i konfirmasjonstida. Ein gut fortalde at han skulle få litt pengar så han også kunne vere med til byen på tysdag.

Sist den raude rhododendronen spratt ut før 17. mai, fraus blomane. Vi kan no håpe han får stå fint i år.
Kanskje Margrete kjenner att denne? Eg meinte den var kvit då eg fekk den.
Ballblomane og peonane veks no så det synest frå morgon til kveld. Det er sommar i hagen her!

---

I dag hadde det vore koseleg med bål! Då vi budde på Engeset feira vi pinse med pinsebrising. Er det nokon som gjer det lenger? Det luktar rett nok grill over heile byggefeltet her i dag, men det vert liksom ikkje det same. Noko anna eg hugsar, er at vi kasta sprayboksar på bålet. Dei eksloderte! Eg er sterk motstandar av å fortelje neste generasjon om rampestrekar vi gjorde, viss det vert til tips. Men akkurat her går det an, vi har vel ikkje ein sprayboks i hus! Eitt av yndlingsdikta mine, som eg av og til siterer til elevane i gitte situasjonar, lyder omtrent slik:

---

Dei sa at oss (vi) ikkje skulle putte erter i nasen.

Det hadde oss(vi) ikkje tenkt på før!

--

God pinse! Lykke til med konfirmasjonane!


onsdag 7. mai 2008

Vårteikn

Vårteikn: Forkjøling.Like sikkert som mai kjem med nydeleg ver og fuglesong, like sikkert kjem vårforkjølinga. I dag kreka eg meg på jobb som i går. I staden for å bli betre, begynte det å halde hardt i 5. time på kjøkenet. Elevane var heldigvis greie, halvparten laga klippekransar til seg sjølve, noko som alltid motiverer. Eg vert sjeldan sjukare enn at eg greier å halde ut til eg kjem heim og kan gje meg over. Slik også i dag. I morgon har eg kun tre undervisningstimar.

Ein kollega av meg var bortreist på ein stor dag, og tenkte at ho skulle lure seg unna festivitas. Vi hadde avtala å gå ut i ettermiddag/kveld, men no er ho ramma av same sykja. Om det er eg som smitta henne, så har nokon smitta meg. No har vi utsett det ei veke, noko eg er svært glad for.

Vårteikn: Dugnad. I dag vert eg andpusten av å gå opp trappa og orkar ikkje tanken på dugnad på leikeplassen. I går sa eg i frå at eg er vekke, men no var eg så dum at eg let opp døra. Typisk meg er å tru at dei no trur at eg lurer meg unna.

Vårteikn: Fotball. Øystein køyrer Høddarar i dag. Forrige veke såg vi 4 heimekampar på Hareid KGB, så denne veka er det bortekampar.

Vårteikn: Eksamen. Eldstemann tok fly til Bødø i dag for å fullføre og levere semesteroppgåva si. Kor tid han kjem att, veit han ikkje. Det kunne bli 17. mai i nord. Fristen var 26. mai.

tysdag 6. mai 2008

Leselyst



Både Øystein og eg les mykje, men sjeldan same bøkene. Sist eg var på biblioteket fann eg denne lydboka. Vi har papirboka heime. Eg likte absolutt boka, ei kort, men intens forteljing.

Viss eg skal lage 10 på topp-liste over bøker eg har lese i år, kjem Mustafa Can si bok om mor si framleis først! (No låg lydboka på biblioteket:)

søndag 4. mai 2008

Brødposar

Dei siste to vekene har elevane mine jobba med eit opplegg Signe og eg utarbeidde då den nye planen kom og elevane m.a. skulle "skape, utvikle, gje produktinformasjon". Vi kom fram til at dei etter kvart burde vere trygge i gjærbakst, og sette dei derfor til å lage brødoppskrift, bake grovbrød og designe brødposar. På baksida av posen er det brødmerke med % grovt mjøl og ingrediensar etter rekkefølge.
Mange har namnet sitt i namnet på brødet. Denne jenta har også fått med slagord.
Denne posen har eg for meg sjølv kåra til årets mest kreative. "Et mattebrødet og du blir eit geni", det spørs om reklamen held det han lovar!

Halvparten av elevane bakar grovbrød og arbeider med brødposen, resten lagar middag etter tallerkenmodellen. Det er eit populært opplegg, men krev at dei får god tid til planlegging. Vi planlegg det over to veker, der halvparten planlegg, og resten lagar mat (wok).

Av og til får ein tilbakemeldingar som gjer at ein føler ein når nokre av måla ein set seg.
"Solveig, oss kjøpte kneippbrød og grovbrød, kneippbrødet var 33% grovt og grovbrødet 34%!" Eg som hadde sagt at grovbrød skulle vere meir enn 50% grovt! Ja, ja, bakaren kan kalle det kva han vil, men særleg grovt var ikkje det grovbrødet. Eg spurde dei om dei såg på brødmerke før? Nei, men no var dei begynt med det!

Tremenningar

Konfirmanten har elleve tremenningar på Eid. Vi fekk treffe 10 av dei i dag. Dei også er flest gutar. Her er halvparten. Resten av tremenningane har ikkje eg tatt bilde av, men dei kan no dukke opp på andre bloggar.

Bord og kakebord.

Sunnmøringar er berømte eller berykta, alt etter korleis ein ser det, for sine enorme kakebord. Konfirmasjonen i dag var ikkje noko unnatak.





Konfirmasjon

I dag konfirmerte Ingeborg seg i kilsfjord kyrkje. Det har vore ein kjekk dag. Vi har fått møtt mange slektningar. Eg har ikkje tenkt å skrive så mykje, bilda får tale for seg.
Konfirmanten saman med tante og mor, alle i sognebunader.
Konfirmanten sin familie.
Besteforeldra/fadderane.
Søskenbarna. (Eivind og Vebjørn manglar.)