fredag 30. mai 2008

Ikkje etter min smak



Eg har lese og anbefalt mange bøker på bloggen min. Blogglesarane begynner kanskje å tru at eg likar alt? Eg er eigentleg "altetande" når det gjeld litteratur. Som mi venninne G, legg eg så og seie aldri frå meg ei bok. Har eg begynt på ei bok, les eg henne ferdig!

Denne boka kan eg styre mi begeistring for. Det er eit samansurium av oppvekstroman og krimroman. Du lurer på om forfattaren har innsikt i dei miljøa han skildrar. Her er klisjé på klisjé. Slutten hadde eg gissa meg fram til i byrjinga av boka.

6 kommentarer:

Besta sa...

Det er ei god stund sidan eg las denne boka, men eg har sans for Levi Hendriksen. Den såre undertonen i det han skriv rører ved noko i meg. Best er han på novellar, romanen Babylon badlands likte eg minst.

solveig sa...

Eg likte Ut å stjæle hester, men ikkje denne

Besta sa...

Det er Per Petterson som har skrive
Ut og stjæle....ei bok som eg for øvrig likte så godt at eg las den to gonger. Det var berre ein feil med den-den slutta for brått.

solveig sa...

Du har sjølvsagt rett!!!

arieldog sa...

Eg er for såvidt einig med både Besta og Solveig her, og eg har òg ein tendens til å blande Per Petterson og Levi Henriksen. Begge skriv om å finne attende til opphavet - eit populært tema for tida. Personleg likte eg godt "Ned. Ned. Ned.", men den er likevel ein lettvektar samanlikna med den noko beslekta "Bikubesong" av Frode Grytten. Eg likar best at alle trådar blir samla på slutten slik at ein får ein "skikkeleg" slutt. Kanskje er det derfor eg likar så godt krim.

solveig sa...

Det er noko med språket også. Ein onkel bannar heile tida med "blaute h...". Variasjon, humor og snert manglar. Men OK, han får fram ei dyster stemning.