fredag 23. mai 2008

Mat i eldre tider var temaet for dagen.



I det eldste huset var eg ikkje om meg og tok bilde. Der viste dei ein peis med skorstein. Det var nok eit framsteg når det galdt lufta i rommet. Men det vart varmt kun kring eldstaden. Vi ser for oss røyklagde, kalde rom. Ved brukte dei lite av. Det var som hard valuta. Dei selde mest muleg. Dette er ein vedomn med kokeskåp.
Her er vedkomfyren på kjøkenet. Den står ved sidan av Grepakomfyren. Det var knappheit på straum, så dei heiv han ikkje ut når dei fekk ny komfyr. Den fungerte nok også godt til oppvarming av kjøkenet. Det var kanskje der dei oppheldt seg mest?
I Ørsta var dei tidleg ute med å få seg elektriske komfyrar. Grepa selde dessutan komfyrar billeg til ørstingar, slik at det skulle bli stor etterspørsel etter straum og stort behov for rask utbygging. På den måten fekk dei raskare den straumen dei hadde behov for sjølve.


Eg synest det var interessant å få høyre om kva dei åt frå jernalderen og framover. Men det er denne nyare historia, frå ca 1800, som interesserer meg mest. Og eg kunne tenkt meg å vite meir om komfyrfabrikken i Ørsta!



Vi er rike i Norge i dag. Vi slepp å svelte og fryse. Dette er vi lite takknemlege for i kvardagen.. Vi tek det som ei selvfølge. Vi har alltid hatt det sånn. Men Norvald fortalde at det er eldre folk som nekatar å gå inn i det raude huset der det budde folk til 1963. Dei orkar ikkje å sjå elendigheita, seier dei.

3 kommentarer:

Besta sa...

Den nedste komfyren likar litt på den første elektriske som vi hadde. Men har du vore bort i komfyrar med magasin? Hugsar dei hadde det i prestegarden der mamma ofte var "selskapskokke".

solveig sa...

Eg veit ikkje kva du meinar med magasin?

Besta sa...

Magasin var eit slags lok (ganske tjukt) som ein la over kokeplata om natta og samla opp varme til neste dag. Går ut frå at plata måtte stå på-på eit svakt stlle. Dermed slapp ein å vente så lenge på morgonkaffien.Vi hadde aldri magasinkomfyr.