
På Hareid er vi så heldige at vi har ein hageavfallsplass der ein kan levere alt nedbrytbart hageavfall.

Dessverre er det ikkje alle som forstår kva som vert nedbrote, og ein finn mellom anna mange plastsekkar med plengras. I dag låg der ei grønsåpeflaske og ein gammal sykkel.

Eg går ofte forbi hageavfallsplassen på veg heim frå skulen. I haust låg der ofte plantar det var freistande å plukke med seg ein avleggar av. Denne blomstrar no.
I fjor var eg så uheldig å knuse ein plastampel i hauststormane. Eit par dagar etter fann eg ein heil på hageavfallsplassen. Kanskje eg skal plante ein av hengeplantane eg tok avleggar av i den i år!
1 kommentar:
At folk kastar frå seg hageavfall i naturen er kanskje ikkje det verste. Vi henta "blomstrande rips" til oss sjølv og andre i skogen.Men ein finn mange avfallsplassar lans strendene der folk kastar frå seg det mest utrulege for å sleppe å betale på VØR.For ei skam, seier eg berre.
Legg inn en kommentar