
 I dag tok eg lodd for 25 kr av Revmatikerforeininga.  Slike pakkar brukar alltid å vere mest spennande med papiret på.  Men sjå kva vi vann! 4 kvite (min farge!) og kakespade! Her er det berre å vaske og ta i bruk.

 Vi har ikkje alltid hatt vinnarlykke.  For 3-4 år sidag var Olaug og eg på kyrkjebasar.  Ho skulle synge i kor.  Mange foreldre gjekk etter programmet, men vi trefte kjentfolk og kjøpte oss kaker og kaffi.  Medan venninna til Olaug samla gevinstar i eit plastnett, vann vi ingen ting.  Vi kjøpte årar og lodd for ca 250 kr, men ingen gevinst. Til slutt spurde eg Olaug kva ho hadde hatt mest lyst  til å vinne.  Twistpose.  På heimvegen stakk vi innom Mega og kjøpte med oss ein pakke twist heim.
 
2 kommentarer:
Det gjorde de rett i! Gratulerer med gevinstane - eg såg ei meining med den kakespaden...
Det vart rett og slett vittig!
Legg inn en kommentar