torsdag 8. juli 2010

Triveleg besøk

I dag fekk vi besøk av systa med born.  Dei hadde vore i bya og la heimturen over Hareidlandet.  Menyen var enkel: Restemat, men ikkje oppattvarma fiskepudding og blåbærsuppe! Vi tømde kjøleskåpet for surmjølk og grøntfor sidan her snart vert berre mannfolk att.  Taco og sveler fall i smak.

Borddekking og laging av taco vart dugnadsarbeid.  Tørketrommelen vart reparert rett før dei kom.  Då trommelen klikka midt i eksamen, utsette eg reparasjonen.  Då viste det seg at reparatøren skulle på ferie.  Men tørketrommel er vel den maskina ein lettast greier seg utan!  Andre har vore utan bil i samme perioden ...
Minstemann hadde vorte sittande i ro og vente i dag, så han kom utan framtann!  Katten har lett for å bli midtpunkt i alle sosiale lag for tida.
Vi hadde gåveutveksling, og det draup litt på Lucy og.  Bandet og bjølla skulle vere for "mehr Sicherheit führ Ihre Katze".  Kanskje mysene set pris på den og?
Eg fekk denne fine løparen frå Ekelund.  Midt i blinken!

P.s.
Planten og hjertepotta fekk eg av ei venninne til fødselsdagen min.

4 kommentarer:

Besta sa...

Fin Ekelundløpar. Alltid kjekt med noko nytt å pynte opp med. Har sett litt av denne serien på Gåvebuda her.Og Erlend vart enda meir sjarmerande som tannlaus!

solveig sa...

Han har funne seg eit yndlingssøskenbarn på Hareid. Studenten fann Lego til han som han hadde på rommet hans.

Elin sa...

Kjekt med besøk! Den løparen har eg ikkje sett før, ser kjempefin ut. Etter at eg blei gjort merksam på desse artiklane, har eg snoda der eg har kome. Fann nokre fine sau og ku-handkle i Olden, som eg ikkje har sett før. Har du prøvd vaskekluten som dei fekk "pris" for? Eg kjøpte ikkje den, sidan den ikkje kunne kokast, men eg høyrer gjerne om erfaringar.

solveig sa...

Eg har ein vaskeklut, men bruker den berre til "fint". Må innrømme at eg ikkje kokar kle meir. Vaskar dei heller ofte i maskina. Oppvaskkosten har eg i oppvaskmaskina.
Elles skal eg sjå etter tekstilar i Sverige.