søndag 4. juli 2010

Tida flyg...

... og geburtsdagen er over før ein veit ordet av det.  Eg hadde tenkt å endeleg ta utfordringa og skrive noko pent om meg sjølv, men det får bli etter natta.
Aldri før har eg fått så mange helsingar på dagen!  Dei fleste på facebook, men også ved oppmøte og på SMS.  Elles kan eg ikkje hugse kor tid sist eg var heime på dagen.
Den gåva eg brukte mest, nemleg solsenga frå eldstekarane, har eg ikkje bilde av.  Gåva under har eg ikkje tatt i bruk enno. Batteriet er lada og alt opna, unntatt bruksanvisninga. 

P.S.  kaka over er den andre marsipankaka eg har laga.  I dag kjevla eg marsipanen sjølv.  Eg fylte kaka med to pakkar krem, ein pakke vaniljekrem og ein boks Nora rørte jordbær.   Pynten var svært enkel; ei korg jordbær.

2 kommentarer:

Teta Pehta sa...

Gratulerer med overstått!
Fin kake!Det enklaste er som regel det beste.
Kamera ser bra ut...du få lese bruksanvisninga,det lønne seg som regel..he ,he!

solveig sa...

Der var ei miniutgåve, og eg kom heilt til å sette knappane på AUTOMATISK, då stilte alt seg i sjølv.
På kaka kunne eg ha tatt vekk, rull ut litt marsipan i midten, men eg valde den raskaste måten. Delmålet var å greie kjevlinga!