torsdag 29. juli 2010

Den finaste

Blogglesarane hugsar kanskje aloharosa mi.  Det er ein stikling som har vakse seg til ei rosebuske i skvåsjåkerern.  I år er der 7 roser.  Desse skal eg prøve å lage nye plantar av.  Då set eg rosene der eg vil dei skal vekse. Framhald følgjer.
Det var ein hard vinter, så det var liv i berre eine stiklingen frå i fjor.  Ein strauk med siste frostnatta i vår.

Eg kjøpte ei potte med ulike fargar riddersporar i på Mester grønn i fjor eller forfjor.  I tillegg fekk eg ein avleggar av mi venninne M.  I fjor åt eit eller anna kryp opp omtrent alle blomstrane.  I år har dei berre ete M si. Men blada er fine, så det gjeld å lokalisere og ta krypå neste år.
Busknellik sådde eg for minst ti år sidan.   Dei har no kome tilbake i kvitt og ei mengd rosafargar.

WISP: No skal eg ete omnsbakt sei.  I går tok eg opp lutefiskbacon til pannekaker, skvåsj og kvite bønner til minestronesuppe.  No begynner det å vise i frysaren.

2 kommentarer:

Besta sa...

Aloharosa mi veks og trivast, første rosa er ferdig, men der er fleire knuppar.Ser du manglar den himmelblå riddersporen som eg har. Vi kan kanskje gjere eit lite byte?

solveig sa...

Ja, etter kvart. Skal gjødsle godt. Veit ikkje kva farge eg fekk av M, trur den var himmelblå!