fredag 16. juli 2010

Bok 32: Pussforunderleg


Dette er ei merkeleg bok!  Det skjer merkelege ting. Det vert ei stor hole i landsbyen.  Vi veit ikkje kvar det er.  Militæret kjem, og det vert snakka om "Den mektige sllierte".

Språket er eit kapittel for seg.  Eg ville kalle det stivt riksmål, men har no lært meg eit nytt ord arkaisk språk. Det passar godt til hovudperonen. Og det driv forteljinga framover.

Der er mykje filosofering i boka.  Personane lever etter kvart i kvar si tid ved sida av kvarandre. Alle klokkene viser kvar si tid.

 Les gjerne kva anmeldaren i  Aftenposten skriv. Dette er ei bok som må lesast og opplevast.  Den rommar mykje!

1 kommentar:

Besta sa...

den siste boka eg las av GN var undelig nok for meg, så eg veit ikkje om eg ekjem til å lese fleire.