onsdag 7. juli 2010

Kveldsmat

Under mottoet "uansett ver, det er alltid noko å gjer'", har vi no vaska kjøleskåpa og rydda i matboda.  Frysarane er litt for fulle enno. Vi hentar mest muleg mat derifrå, og så satsar eg på at det vert ein gråversdag seinare i sommar. 

Det same skjer kvar gong eg vaskar kjøleskåpet, det dukkar opp mange eksemplar av same vare.  Eg meiner eg veit kva eg har, og kvar eg har det, likevel greier alltid noko å snike seg vekk.  I går fann eg ikkje mindre enn seks glas med oliven.  Så no har vi hatt focaccia to dagar på rad.  Brøda vert større for kvar dag.  I dag laga eg deigen i Kenwood-maskina med 7 dl vatn.  Då vert brødet stort nok til kveldsmat.  

Oppskrift finn du her. 

2 kommentarer:

Elin sa...

Dette ser utruleg godt ut!!!

Besta sa...

Det er så altfor godt! Ingenting slår fersk gjærbakst, men eg må avstå frå slik luksus.