torsdag 29. juli 2010

Dagens blomst 29 juli: Revebjelle

Revebjelle Digitalis purpurea
Påturen vår i går gjekk vi forbi mange revebjeller.  Dette er ein av dei få blomstrane eg går rundt og kan det latinske namnet på.  Det er så logisk!
Revebjelle er in giftig plante, berre 2-3 g tørka blad kan vere dødeleg. I små mengder har planten vorte brukt til hjertemedisin.


Nicolai Astrup hadde gjerne revebjeller med i måleria sine.

1 kommentar:

Besta sa...

I går kveld var Nils og eg på biltur til Rjåneset, blant anna for å finne ville blomster til å plante i hekken mot Larsen. Vi fann revebjelle, og vi fann også geitrams, men den sat så fast i jorda at vi ikkje fekk den opp.Vi henta også med oss ein del stein til å bygge på muren ved garasjen.
Det er somme plantar eg hugsar betre det latinske namnet på enn det norske.Blant dei er revebjelle.
Dei finst også i kvitt, som du vel veit.