fredag 30. juli 2010

Dagens blomst 31. juli: Rome

Rome Narthecium ossifragum
os=bein fragum= skjør

Denne planten veks det mykje av på Hareidlandet.  Noko som er eit problem for sauene.  Rome høyrer til giftlilje-gruppa.  Den gjer at sauer kan få alvelda,eller alveld som ein seier her, ein hudsjukdom  Kvite lam kan i verste fall verte blinde og døy.

Ein meinte at rome gav dyra beinskjørheit.  Dette stemmer ikkje.  Romeplanten veks i kalkfattige myrer, så det er alle vekstane der som inneheld lite kalk.

1 kommentar:

Besta sa...

Og her i Ørsta har vi Romedalen, ein veldig lang og vakker dal med bilveg heilt fram til setrane.