tysdag 6. juli 2010

Dagens blomst 6. juli: Høymol

Vanleg høymol Rumex longifolius
longifolius=med lange blad

Det er ikkje sikkert ein vil kalle dette ein blomst, men det er i alle fall ein vekst som alle bør kunne namnet på.  Høymolen er i syrefamilien, altså i slekt med surgras.  Den er vel noko av dt værste ugraset ein kan tenke seg.  Røtene er vanskelege å få opp.  Frisk er høymolen godt for.  Kaninane her et det gjerne.  Men tørka som høy, er dei lite populære.

2 kommentarer:

Besta sa...

Synest ikkje bildet liknar høymol. Har du funne det i ei bok?

Lappetausa sa...

Høymoler kling ikkje godt i ei gammal bondejente sine øyre... Kan du forske på om dei er lettare å få opp ved fløande sjø og veksande måne? Elles så undrar meg at de dei siste dagane har hatt varmare ver enn vi, lett å samanlikne på bloggen. Den sommaren vi hadde, for fort! Her er det storrydding på gong, no har eg hatt ein heil dag for meg sjølv, og er langt frå ferdig med syrommet (faktisk byrja eg i går). Kva så med alt det andre som treng generalrydding? Jaja, ein får vere nøgd med det ein får til, ikkje setje seg for høge mål.