søndag 11. juli 2010

Fjällbacka

Ei facebook/gymnas-venninne av meg tipsa meg om at når vi skulle til Varberg, var ikkje den koselege småbyen Smögen langt unna.  Då eg tok fram kartet for å finne Smögen, fann eg ut at Fjällbacka var heller ikkje langt unna, så valet fall på denne sjarmerande småbyen kjend frå krimlitteraturen.
Eg meiner eit barn vart funne uskadd på denne leikeplassen.
I parken var det ei statue av Ingrid Bergmann.  Eg visste at ho hadde ei rose oppkalla etter seg, men her hadde dei planta fleire og sett opp eit informasjonsskilt.
Vi var heldige med veret på denne avstkkaren.  Det høljregna på veg dit, og småregna på vegen vekk derifrå.  Men då vi var der, var det varmt og fint.

2 kommentarer:

Besta sa...

Såg no veldig koselig ut her. Synd der skal vere så mykje kriminalitet.Fekk lyst å ta ein tur.

solveig sa...

Gjer det!