onsdag 21. juli 2010

Eggerøre

På veg heimover høyrde eg eit program på radioen som tok opp kor mykje mat som vert kasta.  Amerikanarane er verst.  I Europa ligg Noreg på gjennomsnittet.  I butikkane vert det kasta mat som er utgått på dato, men kanskje like god.  Edemerosten er vel eit godt døme på det.  I tillegg kastar spesielt ungdomar mykje mat heime. Eldre er vel flinkare å planlegge innkjøp og tek betre vare på restar.

Ein kan vel ikkje gjere noko anna enn å feie for eiga dør!  Eg liker ikkje å kaste mat.  Då eg rydda frysaren, fann eg både ein pakke lammerull og eit stykke røykelaks frå jul.  Viss eg kjøper inn pålegg og ser at dei nærmar seg utgått dato, er eg snar å fryse det.  I dag lurte dei på om eg hadde slite meg!  Kvar hadde eg vore og handla? Her kom mykje godt på bordet til kvelds.  I tillegg laga eg eggerøre, inspirert mellom anna av kommentaren på førre innlegg.

Eg bruker berre egg, vatn, salt og grasløk i eggerøra.  Rundt om på hotella synest eg at eggerøra oftast vert noko smaklaus.  Dei lagar den kanskje i former i omnen?

4 kommentarer:

Milena sa...

Eller ha for mykje vaten i den?Eg laga den uten vaten eller melk...skal det være så skal det være..he he..

solveig sa...

Dei piskar den i alle fall godt saman!

Alt godt sa...

Dei lagar det av eit slags eggepulver som vert rørt ut i vatn. Så vert den "bakt" i omnen. Sørgelege greier.

solveig sa...

Det forklarer det meste!