søndag 4. juli 2010

Ser de skilnad?

Eg har tatt med meg speilreflekskameraet rundt i hagen og knipsa.
Eg kan berre konstatere at speilreflekskamera ikkje er som på 70- og 80-talet.
Ein kan visst stille inn både blendaropning og stille skarpt no og.

Men eg har berre kome til automatisk i bruksanvisninga. 
Eg berre passar på å ha det eg vil ha skarpt midt i bildet, og så knipsar eg.  Enklare kan det ikkje bli. 

3 kommentarer:

Besta sa...

anskelig å sjå direkte skilnad når ein ikkje har noko å samanlikne med-dvs same motiv med to ulike kamera. Men bilda er i alle fall fine, og eg meiner det er meir djupn i dei enn dei du har tatt før. Etter kvart som du lærer meir, vil du sikkert finne fram til fleire muligheiter også. Gratulerer med nytt kamera.

Milena sa...

Bra bilda!
Tror du skal lese får å få ut mest av kamera,det er så mykje meir enn automatisk!
Kamera eg he lyst på kosta 12.00 kr så eg skal nok være fornøyd med min lille Olympus,som tar flotte bilda ein stund til.
Lykke til!

solveig sa...

Eg kjem ikkje til å slutte å bruke det gamle! Det er greit å ha på lomma. Eg synest det er vanskeleg å bruke inne.
Bruksanvisninga, den tjukke også, skal eg ta med meg på ferie! Ein kan filme også, men det synest eg høver best for born (eller dyr?).