

Halvparten av elevane bakar grovbrød og arbeider med brødposen, resten lagar middag etter tallerkenmodellen. Det er eit populært opplegg, men krev at dei får god tid til planlegging. Vi planlegg det over to veker, der halvparten planlegg, og resten lagar mat (wok).
Av og til får ein tilbakemeldingar som gjer at ein føler ein når nokre av måla ein set seg.
"Solveig, oss kjøpte kneippbrød og grovbrød, kneippbrødet var 33% grovt og grovbrødet 34%!" Eg som hadde sagt at grovbrød skulle vere meir enn 50% grovt! Ja, ja, bakaren kan kalle det kva han vil, men særleg grovt var ikkje det grovbrødet. Eg spurde dei om dei såg på brødmerke før? Nei, men no var dei begynt med det!
2 kommentarer:
For eit artig opplegg. Jamen er de flinke og kreative!
Det er kjekt med variasjon om våren. I dette opplegget får dei vise mykje av det dei har lært, det vert som ein tentamen. Ei gruppeoppgåve og ei individuell. I barneskulen slepp de å tenke så mykje karakterar/vurdering.
Legg inn en kommentar