søndag 29. august 2010

Kva heiter fisken?

Yngstemann har vore på fisketur. Han fekk lange, lyr og ein liten uer til katten.  Kva har han i handa?  Er det ei sild med utståande auge?

11 kommentarer:

Besta sa...

Sjå blogginnlegget mitt frå 3.august. Trur det er samme slags fisk som Nils fekk den dagen. Vi greidde ikkje å finne ut kva fisken heiter. Som sagt så ser den ut som ei sild med store utståande auge. Har Håkon sjekka fiskeboka si? Eg leita på nettet utan resultat.

solveig sa...

Åt de den? Kan den steikast? Kattemat?

solveig sa...

Håkon har sjekka, men ...

Besta sa...

Vi åt den ikkje, men om vi ikkje har katt sjølve, så er det rikelig kattar på tunet når Nils kjem heim med fisk.

solveig sa...

Då har ein facebookvenn fortalt at den heiter berglaks, og eg ser på nettet at det er det same som lysing, og at den kan steikast.

Besta sa...

Dette er ikkje lysing. Lysing har mange namn,m.a. kolkjeft, som er vanlig her, men også berglaks. Men ein annan fisk blir kalla berglaks i visse strøk. Søker du på berglaks så finn du namnet. Kolkjeft,(berglaks,lysing) er ein fin matfisk-men det er ikkje fisken på bildet.

Besta sa...

Det rette namnet er TYKKLEPPET MULTE som i Kragerødistriktet (feilaktig) blir kalla berglaks.

solveig sa...

Facebookvennen kalla det ikkje lysing, men meinte den kunne brukast til fiskemat. Kva med kattemat?

Besta sa...

Etter meir gransking og lesing av FB har eg kome til at det må vere vassild. Det er logisk sidan fisken liknar på ei sild og finst i fjordane her. Mykje rart i sjøen i år. Ikkje minst er her store mengder med blekksprut.

solveig sa...

Det hadde dei og fått, ein kjempestor, men miste den ...

Anonym sa...

Ja det er en vassild, også kalla berglaks, eller kvitlaks. Den er fin til fiskemat, da den binder fiskefarsen og er lys i kjøttet.