laurdag 21. august 2010

Plante i posten

Ei bloggvenninne sende meg ein liten stikling i posten.  Det store spørsmålet var om han ville oveleve postgangen.  Eg meiner å ha lese at pelargoniumstiklingar gjerne kan tørke litt.  Stiklingen var litt slapp i fisken, men kom seg raskt då han kom i vatn.  Etter nokre dagar i vassglaset sette eg stiklingen i ei potte mold med ein plastpose til minidrivhus.  I går letta eg på posen, og såg til mi store glede at planten både lever og blomstrar.
Kvar liten blomst er som ei lita rose. No får eg merke han godt, for eg kan tenke meg minst ei bloggvenninne som gjerne vil ha ein stikling til våren?

4 kommentarer:

Elin sa...

Dette ser veldig bra ut! Håpar han blir rosa til slutt! Elles så er der meir der det kjem frå...

Besta sa...

Eg har tru på gammaldagse avleggarar og heimeavla plantar. Trur dei blir sterkare og meir robuste enn drivhusplantane. Lykke til!

Milena sa...

Har ein avleggar til deg med raud rosegeranium :-)

solveig sa...

Det takkar eg for!