søndag 22. mars 2009

Gunda

Gunda er tilbake i Sunnmørsposten! I del 3 er ho på plass med matspalta si. Nivået hennar høver akkurat for meg. Ho ligg hakket over. Mykje er kjent stoff, men så fortel ho litt om korleis ho eksperimenterer. Spalta er rik på detaljar, og høver godt for oss som liker å få ting inn med teskei.

Kaka ho presenterte for ei veke sidan, kjende eg godt att. Ho hadde tatt "Den raskaste sjokoladekaka" og gonga oppskrifta med tre, slik at ho høver i ei langpanne. Elles har ho bytt ut vaniljesukker med "ekte vaniljesukker". Det er akkurat dei endringane eg har kome på sjølv. Vi er med andre ord på bølgelengde. (Oppskrifta finn de under etiketten kaker)

Denne veka har ho laga pikekyss. Så langt har eg aldri kome, men no veit eg i alle fall korleis det skal gjerast. Legg merke til tipset nede til høgre. Der forklarer ho korleis ein kan fylle i ein kakesprut med minst muleg søl.

Gunda, eg er glad du er tilbake. Skulle ønske du hadde blogg.....

2 kommentarer:

Besta sa...

No lyt eg visst til å lese Sumpen igjen, for Gunda er god.Det trikset med kremspruten har eg aldri kome på, men så brukar eg ikkje kremsprut oftare enn 10.kvart år, heller. Pikekyss er ingen sak å lage, men enda meir lettvint å kjøpe. Eg har alltid ein pose eller to i huset, slik eg kan lage MIN pikekyss dessert.

solveig sa...

Eg trur nok dei vert kjøpt her også, men ein kunne sikkert ha laga ein stor boks før store anledningar. Marengbotnar har eg laga ved fleire høve. Det er alltid populært, og ein kan fylle dei med vaniljekrem, rips og krem.