torsdag 11. oktober 2007

Nøttekake

22 cm

3 egg
1 1/2 dl sukker

1 dl mjølk
1 1/2 dl sammalen kveite, grov
1/2 ts bakepulver
1 dl grovhakka nøtter/mandlar
1/2 plate hakka sjokolade




1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i resten av ingrediensane og rør dei forsiktig inn med sleikjepott.

175 grader ca 40 minutt

Kokebok for alle s. 139


Eg synest røra vart litt flytande og vil prøve utan mjølk ein annan gong.

I dag hadde vi besøk av Per Eilert med familie og Helga og Per Arnt.
Per Helge skulle lese til teoriprøva, så gutane vart att i Molde.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det var vel slik kake vi fekk, og den var veldig god. Du har ikkje skrive mjølk i oppskrifta; var det med vilje? Brukte du grovmalen kveite? Tenkte på at den finmalne kanskje absorberte betre "Væta"?
Godt at det var mat i krabben, den vi har hatt har vore berre sånn passe.

solveig sa...

Det er bra med observante lesarar. No har eg redigert. Oppskrifta står slik som i Kokebok for alle. Olaug meinte det var lureri å festpynte ei grov kake.

arieldog sa...

Fekk lyst til å bake, men vi har hatt kake før denne veka. Då feira vi den internasjonale synsdagen. Har vore meir eller mindre sjuk heile ferien, men har fått retta ferdig og gått ein del tur. Neste veke skal eg kursast i geiranger. Takk for klede, og spesielt skor/støvlettar! Kjem veldig vel med!

arieldog sa...

Og takk for boka, Ø! Gler meg til å ta fatt, men må lese ut Stieg Nilsson først.