søndag 21. oktober 2007

Stemnefest

Det vart stemnefest på oss.
Vi møtte halv sju og fekk oss gode, mjuke plassar bakerst i det nye amfiet. Som vanleg var det mykje godt program. Jan Åge Fjørtoft heldt forsamlinga i ande.

Men Liv Randi Bjørlykke sitt kåseri overgjekk det meste. Det var ikkje pauser i latteren.
Døme: Ho hadde studert skattelistene for Hareid og måtte finlese Sunnmørsposten for å finne nokon med etternamn Grimstad. Kva dei gjorde på? Var det berre piker og sang?
Ho sette an tonen då ho vart presentert. Ja, ja og skonummer 38. Set ikkje det kameraet på meg.

For Ørstingar kan eg nemne at Merkesteinane var der, men dei er vel frå Volda?

Ronald Øvrelid song to Cohensongar saman med svigerinna.
Han er min favoritt.

Grunnen til at det vert eit ork å fare, og no må eg passe meg for å ikkje fornærme nokon,
er alle kora. I tillegg til alle kora på Hareid (-Brandalskoret), kom Sunnmøre Kristelege mannskor. Faren til Jan Åge syng der. Og når alle kora skal framføre tre songar, ja då vert det i overkant.

Amalie Bjørndal, 89 år, fekk kulturprisen for m.a. innsamling av gamle vevmønstre og for å ha gjeve ut vevbok i år!

Matpausen varte berre ein halv time, likevel varte festen over fire timar.
Men vi er glade for at vi gjekk!

1 kommentar:

Besta sa...

Sikkert kjekt, men nok er nok. Det gjeld alt -også korsong.Eg rydda skapet på badet f.m. og fekk nok med det! Dårleg arbeidsstilling. Seier ikkje meir.Pappa var og tok imot bøssebærarane, det var folkehøgskuleelevane som bar bøsser denne gongen. No har vi fått i oss middagen og er komne til kaffi. Pappa ser fotball- mamma les bok.