


---
No har eg førehandsbestilt to andre liknande bøker, håper eg. Det vil seie, eg håper der er mykje stoff i tillegg til oppskrifter. Eg har mest tru på boka frå Røros;"Dette er både ei kokebok og ei mathistoriebok".
---
Desse bøkene tingar eg usett. Det vert heilt sikkert ein tur innom bokhandelen for å sjå på fleire bøker. Romanar låner eg på biblioteket medan eg likar å kjøpe kokebøker og andre oppslagsbøker.
---
Eg kjem attende med bokmeldingar etter 2. mars.
3 kommentarer:
Eg er også glad i kokebøker, men kjøper helst lappebøker..., men skulle du kome over Trude Teige si bok, så er eg veldig interessert i ho!
Eg fekk den første boka om Fjordamat med "tanteungane" mine på Eid til 60-årsdagen, og den har eg brukt mykje. Har lese om gamle skikkar og laga mat etter gamle oppskrifter.Kjekt! Men i min alder greier eg meg med dei kokebøkene eg har no.
Fjordamatbøkene er veldig gode! Eg har den siste. No har det kome ei som er det beste frå begge. Sunnmørsboka var ein skuffelse.
Desse tre bøkene er utgjevne på Samlaget, då satsar eg på at dei er kvalitetssikra. Trude Teige si får vi vere på jakt etter.
Legg inn en kommentar