måndag 7. juni 2010

Coleslaw

Dette er ein salat eg berre har lese om, til no.  Sparket bak kom då eg såg i VG at ein kunne servere coleslaw til grillmat.  Oppskrifta eg brukte fann eg i "Kokebok for alle".

2 ms lettmajones
2 ms yoghurt/lettrømme
1/2 ts italiensk salatkrydder (kan sløyfast)
1 ms eplesidereddik/sitronsaft
1 krm salt
1 krm pepar

- Bland saman dressingen i ei skål
Her kan eg berre skyte inn at eg ikkje hadde lettmajones , men ekte vare.  Her i huset går det så lite majones at vi unner oss det.  Eg brukte ferskpressa sitronsaft.

3 dl kvitkål, finsnitta
1 gulrot, riven
1/4 løk, finhakka
1 lite eple, rive

- Bland dette i dressingen

Vi vaksne syntest denne salaten var god.  Rå raudløk er godt!  Ungane åt den, men ville heller hatt rosiner i.
Så i dag vart det vanleg råkostsalat med eple, kål, gulrot og rosiner.  Hadde eg hatt ein appelsin, så hadde den kome med.  For at epla ikkje skulle bli brune, hadde eg ca ei matskei tropisk jus over.  Dette er ein barnevennleg salat, og ein sunn og god måte å få i born ulike grønsaker på.

3 kommentarer:

Teta Pehta sa...

"Cole slaw"er den slaten vi ete mest heile året,med epler,chili,paprika,persille,vårløk, kvitløk og rød løk,kokte kalde poteter
men uten majones og rømme.Med epleeddik og olje som dressing.
Kålsalaten passa til det meste..
I Usa er det det mange varianta og opprinelig er det Hollenderne som kalte salaten for "koolsla"og som kom med dei til Amerika.
:-)

Besta sa...

Ja, kjært barn har mange namn!
Eg lagar vanlegvis berre ein slags salat til kvardags. Den heiter "Man tager hva man haver"-og så har vi lettrømme og ev.krydder på etter kvart. Det er slik det fungerer best når ein ikkje er mange, synest eg. Då er det ingen problem med å ete resten dagen etter. Har Tupperware salatbolle med lokk.

solveig sa...

Det er no ulike variantar av råkost, unntatt potetene då. kunsten er vel å variere.