torsdag 29. november 2007

Peparkaker




Denne oppskrifta har eg sikkert liggande på ein minnepenn på nynorsk til skulebruk. Til dobbel oppskrift går det med ein fløytekartong og ein liten boks sirup.

Samtidig vil eg reklamere litt for denne kokeboka skriven for born. Her finn ein sunne og gode middagsoppskrifter, saltmat til selskap i tillegg til kaker og "godteri".

3 kommentarer:

Besta sa...

Skal innrømme at presentasjonen din var finare enn min. Akupunktøren min er glad i å lese, og les lydbøker til og frå Ålesund, der ho bur. No held ho på med Drageløperen, og har nettopp lese Landet der Gud gråter, så vi har mykje å snakke om innimellom nålestikka.

solveig sa...

Eg synest desse bøkene har ein ekstra dimensjon, nemleg det å forstå ein annan kultur, eit land si historie og religion. I tillegg er det god litteratur.

Besta sa...

No har eg skrive mail til biblioteket om at viss dei ikkje har desse to LYD - bøkene av Khaled Hossein, blir mange glade om dei kjøper dei inn. No les eg Hanne Ørstavik si bok som handlar om å skrive/ ikkje skrive ein roman. Akk! Det verste er at ho les den sjølv.Slike sjølvransakande bøker er ikkje mi greie. Eg vil ha ein STORY !