torsdag 29. november 2007

Årets bok?



Då eg høyrde at dei skaffa lydbøker etter ønske i Ørsta, tenkte eg at eg skulle vere like frimodig. Eg nemnde at eg hadde sett at forfattaren av Drageløperen hadde kome ut med ny bok og lydbok. Dei hadde trongt budsjett, men ville ringe meg om dei fekk tak i henne. Eg må innrømme at eg tok det som eit vennleg "dessverre", og tenkte eg fekk sette lydboka på ønskelista.
Men i dag ringta altså biblioteket!
Eg gler meg! No står første CD-en til ripping.
Drageløparen gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og viss denne kjem i nærheita, vert det bra!

6 kommentarer:

Besta sa...

Drageløperen har eg høyrt om, men aldri sett her nede. Det betyr at dei ikkje har den, for eg har lese nesten alt dei har..dvs. det som har vore av interesse. Viss denne er bra også, vil eg be dei om å ta inn begge. Eg er truleg den beste "kunden" dei har....sjølv om eg ikkje betaler..

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var god sørvis!

STRIKKEMOR(O) sa...

Har du forresten ei peparkakeoppskrift du vil anbefale?

solveig sa...

Oppskrifta mi kjem i morgon.
Til besta: Eg las Drageløperen og Landet der Gud gråter omtrent på same tid. Drageløperen er noko heilt for seg sjølv.

Besta sa...

Landet der Gud gråter gjorde eit sterkt inn trykk då eg las den for 2-3 år sidan.Anbefales!!!!

Elin sa...

Gled deg til denne opplevinga!! Eg las den på engelsk (tenk det!) før den kom ut på norsk, og før eg las Drageløperen. Tusen strålende soler er berre heilt fantastisk, grusom, engasjerande, rørande, ho har alt. Belag deg på mykje grining på slutten...
Og forfattaren kan du søkje på google, han har ei flott heimeside (du som har forfattar i familien får tipse, hehe...).