fredag 4. april 2008

Tid for oppgradering.

Huset vårt er 15 år gamalt, og ting treng fornying. No har vi hatt elektrikar opp som har skifta lysrørlampar på kjøken og vaskerom. Fredag skifta han ventilatoren. Plastiken i desse tinga hadde rett og slett smuldra opp.

For å gjere det enkelt og rimeleg, bestilte vi ein ventilator som var heilt lik den vi hadde. Den verkar på kjøken, to bad og vaskerom og skal stå på heile tida. Då vi flytta inn, måtte vi venne oss til at det susa heile tida, sjølv på lågaste stille. Den nye høyrer vi ikkje. Kva er det teikn på? Dårleg hørsel? Andre ting som susar hørge? Heldigvis er skilnaden størst på høgste trinn! Og plastiken ser annleis og sterkare ut!

1 kommentar:

Besta sa...

Alt nytt er betre enn det gamle, stort sett.
Vi kjøpte oss ny ventilator eit par år før vi skifta kjøkkeninnreiing og måtte kjøpe enda ein ny. Dette til ettertanke.
Før hørte eg den evinnelige susinga når eg var på besøk hos dokke, dei siste åra har eg ikkje merka den.......