søndag 8. november 2009

Fisk på farsdag


Far i huset kom att frå hovudstaden midt i cupfinalen.  Olaug hadde bestemt menyen: Aure.  Det kjøper vi rimeleg på Prix.  Kan du å gjere opp fisk? spør eine venninna mi.  Svaret er:"Nei, men eg gjer det likevel".  Auren har lagt i kjøleskapet i natt, og med ein skarp kniv går det betre for kvar gong.

Denne fiskeretten har eg vist på bloggen før.  I dag vert det "steg for steg".
Ein begynner med å legge dei grønsakene ein liker på botnen av ei eldfast form.

Fisken legg eg andføttes over grønsakene.  Så skjer eg nokre snitt i fisken der eg stikk inn nokre sitronskiver.  I dag hadde eg ca 3/4 ts salt over og litt pepar.  Her var tomt for fiskekrydder.

Bak forma ser de ostehøvel og meierismør.  Smøret smeltar og trekkjer seg gjennom fisken og ned til grønsakene.  Deretter legg ein lok over forma eller kler ho med aluminiumsfolie.  Steik ved 200-225 grader ca 1/2 time.

I dag serverte eg mandelpoteter til fisken.  Men ein regel vart broten: Folk skal vente på potetene, ikkje omvendt.  Og det var takka vere ekstraomgongar og straffesparkkonkurranse.

Eg kokte sjølvsagt full grautpanna mi i går og, så her vart det mykje graut til overs.  Eg kokte raud saus av heimelaga saft.  Ei sitronskive oppi gir frisk smak, og så heng snerken fast i den når du tek den ut før servering.

Sist det var "halv pris på hele butikken" fall eg for desse dompapskålene.  Dei hadde seks att, og eg kom til at dei tek ikkje så mykje plass i skapet. 

Eg har fått høyre at det har vore nok brød på bloggen.....

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Som vanleg vart eg inspirert av oppskriftene dine. Og som pensjonist er eg så priviligert at eg kan sjå Wenche på God morgen Norge. Eg blir ofte inspirert og får lyst å prøve det ho lagar. I dag var det lettsalta torsk med noko attåt og i og med at tysdag er fast fiskedag m/Helene og Ingrid, vart det litt ekstra godt og ei lang middagskvild på oss alle 4 før hest, kor og eldretun.
Eidabesta

solveig sa...

Eg ser og på Frokost TV- i opptak. Det er greit å sjå korleis andre gjer og viser ting. Dei kan godt seie kva ungar liker, og gje tips til nye måter å servere grønsaker på som t.d. det baconet med grønsaker til torsken.