laurdag 7. november 2009

Korps og kor




I dag har vi vore på kunst- og kulturmesse på Bigset.  Olaug spelte i korps, og så fekk vi med oss Ten Sing sine songar rett etterpå.  Eg hadde vore eins ærend i banken for å ha kontantar klar, men det vart berre til at vi kika litt og kjøpte oss kaffi og kaker. 

Elles så er det vel slik at folk har ulik smak. For nokre år sidan var det eit produkt eg ikkje forstod meg på.  Det var rosemåla og likna på ei postkasse.  Svaret var pappvinhaldar.  No vert det ikkje drukke så mykje vin her i huset, men om eg skulle servert pappvin, ville eg ha hatt den i ein karaffel!

4 kommentarer:

Anlen sa...

Bra at dokke var der, for vi rakk det ikkje... Vart for lenge i Ulsteinvik på handling, og gløymde å sjå på klokka! Dermed vart det for kort tid igjen, når eldstemor skulle i bursdagsselskap også.

I morgon skal eg ein tur fram, skal høyre Melshorn, tenkte eg.

I fjor vart eg skuffa over vareutvalet, eg syns det vart meir maskulint. Varmepumpe, badestamp og bil?? Det starta som ei handarbeidsmesse...

solveig sa...

Der var ein del handarbeid, men også eit par varmepumpeseljarar. Lengst kø var der framfor spekematen. Eg sakna Spor forlag då eg hadde tenkt å investere i ei ny bordkonkurransebok. Men det finst vel i bokhandelen.
Ten Sing var mange og flinke! Korpset var også det beste eg har høyrt dei på lenge. Turen til sommaren hindrar kanskje at folk sluttar?

Besta sa...

Eg har litt problem med å finne Olaug på bilda. Når eg forstørrer, blir bilda dårlege. Forminskar du bilda før du har dei på bloggen?

solveig sa...

Olaug var skjult av notestativa, så ein ser henne berre bakfrå. Ho syng ikkje i koret, men eg veit at nokre av elevane les bloggen. No kan dei finne seg sjølve.