onsdag 25. november 2009

Er budd


Smitten spreier seg.  No ligg mannen i huset med feber og kvalme.  Her gjeld det å ha planane klar på jobb.  Ein får legge fram på pulten det ein eventuell vikar måtte trenge før ein går heim. Skal eg ha sykja, så får eg den no.  Vaksinering for lærarar vert måndag.  Men har eg ikkje blitt sjuk til då, så er vel faren over.

Som de ser har eg sikra med mykje godt lesestoff frå biblioteket her i bygda.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg er snufsete og forkjøla, men ikkje sjuk. Ikkje enno i alle fall. Men får eg sjansen, vaksinerer eg meg.Det er ikkje SÅ kjekt å vere sjuk.Elles ser det ut som om det helst er ungdommar som blir sjuke. Ø. skulle no vere over sin første ungdom.

solveig sa...

Du er nok langt nede på lista;-) Lærarane skulle kome etter helsearbeidarar og andre i viktige stillingar, så kjem vel vanlege folk og pensjonistar til slutt.
Vi hadde influensa under millenniumskiftet. Då var han sjukare. Men denne gongen følgjer det kvalme med.

Besta sa...

Kven som får vaksine, varierer frå stad til stad har eg inntrykk av.Kan minne im at Rolf er vaksinert for lenge sidan!!

solveig sa...

Lita kommune eller nøkkelposisjon?

Alt godt sa...

Vaksina har ikkje full effekt før etter to veker, så du er dessverre ikkje trygg...