laurdag 7. november 2009

Fag utan fasit?

Vi har begynt med diktanalyse i 10-klasse.  Det er ikkje alle, verken vaksne eller ungdommar, som er så begeistra for dette.  Og det veit vi norsklærarar! Men vi har tru på at auka kunnskap gjev auka interesse.

Kan ein finne gode døme på samanlikningar, metaforar, symbol, besjeling og personifisering?  Märtha du er som en lysfontene, slår an. I læreboka vår er det dessutan spørsmål om kva ein påfugl kan vere symbol for. 

No prøver eg å opparbeide eit lite lager på språklege artigheiter av ulike slag.  Denne og/å setninga fann eg i "Saksa" i Sunnmørsposten i dag: Dronning Sonja, som er kjend for å elske og gå i fjellet.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ha ha, den skal eg sporenstreks stele!

solveig sa...

Eg trur nok journalisten ler sjølv av det han har skrive.... Slip of the pen?

Besta sa...

Og/ å problematikken er ikkje så grei. Det finst reglar og det finst reglar. Men somme tider tviler sjølv EG.Om eg for eksempel seier:Nils skal gå og fiske, får det ei heilt anna tyding enn:Nils skal gå å fiske.Dette var eit dårleg døme, men det var det mest nærliggande! Viss eg derimot skriv (som sant er):Nils er i garasjen og egner liner, så er det ingen tvil!

solveig sa...

Eit godt døme som illustrerer det journalisten har bomma på,men med kjedelegare verb.....