onsdag 25. november 2009

Bok 73: Reprise


Denne boka trudde eg ikkje at eg hadde lese.  Men eg vart meir og meir usikker, for her var mykje eg drog kjensel på.  Heilt sikker vart eg ikkje før eg plutseleg såg for meg eine blomsterbedet mitt.  Eg må ha hatt den på øyret medan eg luka.

Dette er Fossum i kjend stil. Vi får innsikt i forbrytaren sin tankegang, og vi får nesten sympati for han.  Det er ein stakkar på mange måtar.  Eit innbrot går gale og han vert drapsmann.  Sejer løyser sjølvsagt saka.

Dette er god krim som toler å bli lesen om att.  No har eg fått tak i ei til av same forfattar som eg gler meg til å lese.  Elles så minner eg om Dagbladet si kåring av beste krim.  Vinnaren er ei av mine yndlingsbøker.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er umulig for meg å sjå kva boka heiter, men eg kjenner ikkje att framsida.Så lite som eg hugsar, kan eg lese dei fleste boker om att.

solveig sa...

Drapet på Harriet Krohn.

Besta sa...

Ja, den har eg ikkje lese.Men eg har sett bokmeldingar. Fossum plar vere bra.