laurdag 28. november 2009

Verdas handlefrie dag


I år, som i fjor og åra før det, opplyser dei på nyheitene at i dag har det vore årets handlefrie dag, og folk har handla som aldri før.  Kva om dei hadde mint oss på dette dagen før?  Det hadde vore interessant å vite om vi hadde lete oss stoppe.

Her i huset begynte vi å ta ned adventspynt frå loftet i dag.  Og så var det store spørsmålet: Kvar er den sjuarma lysestaken?  Det begynte å demre for oss at den då over 20 år gamle staken takka for seg i fjor og hamna i bosset.

Knapt ein halv time før stengetid køyrde vi ned.  Valet skjedde ut i frå to kriterier: Han ville ha sjuarma, og eg ville ikkje ha ein 80-tals!

5 kommentarer:

Besta sa...

De skulle ha vore her! På Amfi var det handverksmesse i dag, med mellom anna mykje fine smijarn-stakar av skikkelig kvalitet.Trur det var han som vi kjøpte lampettane til W og R av som hadde laga dei.Elles var der mykje fint handarbeid til latterleg låge prisar. Vi kjøpte ingen ting.Og ikkje visste VI at det var handlefri dag,heller.

Besta sa...

Gløymde å skrive at det var ein fin lysestake-"ny vri" for å seie det slik.Dei som var på Amfi var til stearinlys. Ein treng begge deler, og det har vi.

solveig sa...

Det er i alle fall dårleg gjort å gje folk dårleg samvit for noko dei ikkje veit på førehand. Dessutan;kva er vitsen? No ligg folk i startgropa, og mange må handle julegåver som skal sendast eller leverast tidleg. Hald heller søndagsstengt og fokuser på andre verdiar. Oppmod folk om å gje til dei som treng det mest. Neste helg er det hjelpesending til Ukraina. Her er ein som skal gje masse kle til dei fattige.

solveig sa...

Eg har ny vri på den andre staken og. Den får de sjå i morgon.

Anlen sa...

Sånn flaks for meg at det var handlefri dag i dag når vi hadde konsertar i Ørsta og Hareid! Rakk jo ikkje å besøke ein einaste butikk i dag;)