I dag har vi feira morfar og minstemann på Møre som begge har geburtsdag i november. I tillegg til ei Kiss-T-skjorte hadde vi kjøpt ei bok om store oppdagarar. Gutane her i huset likte godt ulike faktabøker i den alderen.

Det vil seie, eigentleg bør ein lage môr sjølve. Akkurat som lefser og flatbrød, bør môren vere heimelaga. Eg melder pass! Sjølvsagt kunne eg tenkt meg å lære å lage pølser og môr. Men med full jobb med engelskstilar, bokmålsstilar, nynorskstilar og andre prøver i tillegg til julegåvekjøp og førjulsaktivitetar, så strekk ikkje tida eller energien til. Eg prøver å avgrense matlaginga til det eg synest er kjekt.
6 kommentarer:
Vi las i boka på heimveg, og den er veldig fin! Takk for ein koseleg dag!
Eg må korrigere litt. Denne gongen var pølsene frå Melle i Ørsta til ei forandring.
Eg får legge inn ei korrigering, men gode var dei!
Akkurat det der er viktig, å begrense seg til det ein syns er kjekt. Bra jobba. Vi brukte også lenge Jakobsen-mår, den er veldig god. No blir det mest Brudevoll, bussfrakta med bestefar.
Her i Ørsta er det mest eksklusive HEIMELAGA Vigra-mør. Eg har ein kamerat som refsar meg fordi eg ikkje er i stand til å bringe fram denne delikatessen. Sist eg trefte han, hadde han gått til innkjøp av 10 meter ekte tarmar. Eg står over.Brudevollmoren er veldig dyr å kjøpe "i smått". Men god!!!
Som sagt, dei får halde på som synest det er kjekt! Elles skal eg ha meg ein tur innover på handel før jul: Eg kan tenke meg begge sortar morr/pølser...
Legg inn en kommentar