søndag 22. november 2009

Bok 72: Rivertonprisvinnar

I fare for å gjenta meg sjølv: Varg Veum er best i lydbok! Lasse Lindtner gjev boka ein ny dimensjon.  Når han les sunnmørsk damestemme t.d., viser han stort skodespelartalent.

Sjølve historia er i kjend Staalesen-stil.  Her er trådar attende til fortida. 

Språket er karakteristisk.  Det er proppfullt av samanlikningar og sarkasmar, noko eg har stor sans for.  Han gjev gjerne personane namn med bokstavrim som Bodil og Berit Breheim, Solveig Sletta m. fl.  Dette gjer dei lettare å hugse jfr: Håvamål. (Dette er til 10.klassingane mine!) Veum føler seg vis som Salomon, men ikkje høgare i hatten enn Jørgen hattemakar ved eitt høve.  Eit blomstrande språk med andre ord.

Les meir her og høyr gjerne boka. 
For dei som likte filmane: Bøkene er mykje betre!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg likar absolutt ikkje filmane, og Trond Espen Seim er heilt "feil" som Varg. Lasse Lindtner sine opplesingar er topp, sjølv om det blir FOR MANGE språkblomster for meg.Som eg sikkert har skrive mange gonger før:Stålesen er kjempegod på person- og miljøskildringar. Elles kan eg styre begeistringa mi.