tysdag 17. november 2009

Ulv, ulv?


I dag har det vore massevaksinasjon av born på Hareid.

Her i huset vakna 15-åringen og var kvalm og elendig etter å ha følt seg litt dårleg kvelden før.  Eg frykta sjølvagt influensaen med ein gong.  Og eg slapp å ta stilling til om han skulle vaksinerast eller ikkje.  Eg såg heller ikkje noko hansikt i å vaksinere systra når smitten først var komen i hus.

Vi hadde sjølvsagt ekstra lang dag på skulen i dag. I matfriminuttet stod det til liv.  Klokka to var han litt betre.  Og no har guten kvikna litt til!  Kva skal ein tru?  Har han sove sykja av seg?  Vi får vel ikkje vite det viss han ikkje vert sjuk ein gong til.  Men i morgon får han roe seg ned heime i tilfelle...

Eg har som første mål å få vere frisk i morgon.  Då er det den årlege besteforeldrefesten.  Andre mål er feiringa til helga.

P.s.
Eg er spent på kva slagt LinkWithin som kjem under denne overskrifta.

2 kommentarer:

Besta sa...

Viss han er frisk og altså ikkje har fått svinesykja, synest eg absolutt de skal vaksinere dykk alle i hop. Vi har ikkje ein gong fått tilbod om vaksine.

solveig sa...

Toget har nok gått for ungane. Vi vaksne må nok vente. Og de gamle som har hatt Asiasykja, kan visst ta det med ro. Håkon vert nok heime i morgon og.
Elles mange sjuke av sprøyta i dag....