laurdag 14. november 2009

Gratulerer!


I dag fyller pappa 73 år!  Vi gratulerer!
Bilda eg har funne fram er frå 2005, men kven skulle tru det?  Liknar dei ikkje mykje på dei på Besta sin blogg?  Det første bildet får vise den huslege sida til pappa.  I går laga Wenche på frukost-TV "Erter, kjøt og flesk".  Eg er overtydd om at pappa sin er betre!

Også denne vinteren vart det ved.

Dette bildet får symbolisere hobbyar og oppfølging av barnebarn.  I denne perioden var Håkon svært fugleinteressert, og pappa sette opp fuglekasser heime og sende med han.

Feiringa får vi ta att!  I dag er eg heime åleine utan bil.  Det er innandørsturneringar og kvalifiseringar i dag.  Jentene er på Vatne og gutane som Øystein trenar på Emblem.  Heia Hareid!

2 kommentarer:

Elin sa...

Ikkje til å tru, han held seg kjempegodt! Gratulerer!

Anlen sa...

Gratulerer:) Staut kar, den bestefaren der!