tysdag 10. november 2009

Lefsebaking heile veka


Vi har ein tradisjon på ungdomsskulen, nemleg at vi inviterer besteforeldre til å vere med oss å bake lefser.  Temaet er tradisjonsbakst. 

I dag hadde vi og besøk frå Vikebladet.  Dei vil ha ein reportasje i adventsnummeret sitt.  Så lenge til, tenkte eg først.  Men eg innsåg raskt at det er berre to veker til advent.

Sidan eg ikkje kan legge ut bilde av elevar, fann eg fram dette to år gamle bildet av meg sjølv.

p.s.
I går la eg inn LinkWithin.  Så får vi sjå korleis datamaskina tenkjer.  Eg trudde eg måtte finne sakene sjølv, men dei kjem opp av seg sjølv.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Her skulle niandeklassingane selje lefser til inntekt for neste års Polentur. Eg lurer på kven som bakar dei...

solveig sa...

Hm, då veit du vel kva du har i vente om eit par år...