måndag 3. mai 2010

Brød med baktanke

I går laga eg dobbel porsjon, d.v.s. ca 5 l minestronesuppe.  Eg fann ut at med eit godt brød attåt, ville der kanskje vere att til i dag.  I staden for å lage groper med olivenolje i, putta eg heile oliven i foccaciaen Ingen var skeptiske her, og det brødet som ikkje forsvann til middagen, var i alle fall vekk før kveldsmat!  Frisk rosmarin vert nydeleg når den vert steikt saman med salt!

4 kommentarer:

Besta sa...

I dag baka eg vanlig brød til far din, og stal meg ein skalk attåt ertersuppa. Skal prøve å hugse frisk rosmarin neste gong eg er på butikken, så blir det kanskje foccacia her også. DET er i alle fall godt. Eg er glad i oliven, særleg dei grøne, men det er vel svarte som skal vere i brødet?

solveig sa...

Det gjer ein vel som ein vil med! Eg synest dei svarte er finast, men pass opp: Dei skal ikkje vere farga med jernsulfat! Elles synest eg oliven er best steikte/varme som på pizza og focaccia.

arieldog sa...

Einig med Solveig når det gjeld svarte oliven, men dei grøne er best kalde, synest eg.

Besta sa...

Eg har som regel krydra,soltørka tomatar i hus, noko som eg synest er veldig godt. Det må no vere godt på foccacia også?