laurdag 22. mai 2010

Flytte ut

Dagen i dag starta med regn og skodde.  No ser det ut til at sola skal trengje gjennom skodda.  Men vi er lova meir regn i dagan som kjem.  Dette er flott ver for utflytting.  Her er plantar inne som skal få vere ute om sommaren.  Då vert det ryddigare inne og. 

Planten på bildet fann eg halvforsømt i ei krå i vindaugskarmen her på datarommet. Det er ein avleggar frå Ørsta.  Eg batt han opp med ein trepinne og ei orkidéklemme.  Kanskje han helst burde få henge?

5 kommentarer:

Besta sa...

Planten, Hoya Carnosa(?) kan du binde opp i vinduskarmen, eller henge i vinduet alt ettersom. Det som er viktig er at den får nok lys, elles blomstrar han ikkje.Du må heller ikkje drive å klippe av dei lange greinene, for det er der blomstrane kjem. Det er berre ein fordel at du gløymer å vatne den.

Anonym sa...

Aha det er derfor eg ikkje får blomster på den, kan ikkje fordra dei lange greinene så då klippe eg av. Skal flytte den ut og då kan dei få fri utvikling.

Milena sa...

Denna hadde eg ein gang i heile 15-16 år!Kunne godt tenkt meg ein avleggar...porselensblomst...den klatra i vinduskarmen og var veldig stor til slutt

Besta sa...

Eg dreiv også og klipte dei lange greinene og fekk derfor ikkje blomster.TP kan få ein ferdig planta avleggar, men då må Solveig hugse å minne meg på det. Min plante er veldig gammal, og det er eit under at den lever, så dårlig stell som den får.

solveig sa...

Får prøve på det! Eg trur "dårleg" stell kan vere ein suksessfaktor.